Niels Christian Nissen () var ein norsk prest og stortingsmann frå Melhus.
Nissen var son til ein prest. Han vart student frå katedralskulen i Trondheim i 1821 og cand. theol. fire år seinare. Frå 1826 var han residerande kapellan for far sin i Melhus. Sokneprest i Stod 1833-36. Sidan sokneprest i Øyer frå 1836 til han døydde i 1869.
Nissen var 2. representant for Kristians amt på Stortinget 1854, ig medlem av vegkomiteen. Han var valmann i mange år, elles i perioden 1845-57 var han på frå fyrste til tredje varamannsplass til Stortinget.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1854-1856 Kategori:Folk frå Melhus