Muhammad Hosni Sayyid Mubarak () var ein egyptisk politikar og offiser som var president i Egypt frå 1981 til 2011. Hosni Mubarak etterfølgde Anwar Sadat då han vart drepen i 1981.

Karriere Mubarak vart fødd i Kafr-el-Meselha i Al Minufiyah-provinsen. Han hadde ein bachelorgrad i militærvitskap og bachelorgrad i flygingsvitskap. Han var offiser i det egyptiske flyvåpenet, og jobba seg oppover i gradene til han var ein av dei øvstkommanderande for flyvåpenet i Egypt. I 1975 vart han utnemnd til visepresident av Anwar Sadat, og hadde stillinga fram til mordet på Sadat 6. oktober 1981.

I 1991 var Egypt under Mubarak sterkt involvert i Golfkrigen på sida til SN. I 2003 stilte han seg kritisk til krigen imot Irak, fordi han meinte at den israelsk-palestinske konflikten burde løysast fyrst.

Uro i Egypt

Den 7. september 2005 vann Mubarak det fyrste presidentvalet i Egypt der fleire kandidatar fekk stilla til val. Ifylgje Aftenposten gjorde valet presidenten uroleg, og han stramma difor inn i den politiske fridomen i Egypt. Under parlamentsvalet i 2010 vann Det nasjonaldemokratiske partiet, partiet til presidenten, men få egyptarar såg på dette valet som fritt. Dette var ein av grunnane til at Den egyptiske revolusjonen i 2011 braut ut i januar 2011, med store opptøyer blant egyptarane.Aftenposten, 29.01.11: Regjeringen er nikkedukker for Mubarak. Etter store protestar i fleire veker gjekk Mubarak av som president 11. februar 2011 og overlet makta til det øvste militærrådet.

Familie

Hosni Mubarak var gift med Suzanne, fødd Thabet, og dei hadde sønene Alaa og Gamal saman.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hosni Mubarak» frå , og «Hosni Mubarak» frå den 29. januar 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Egyptiske presidentar Kategori:Egyptiske politikarar Kategori:Elefantordenen