Angel Delight er det sjette albumet til det britiske folkrockbandet Fairport Convention. Dette var det første Fairport Convention-albumet utan gitarist Richard Thompson og besetninga bestod av Simon Nicol (gitar, vokal) (det einaste originale gruppemedlemmet), Dave Swarbrick (fiolin, vokal), Dave Pegg (bass, vokal) og Dave Mattacks (trommer).

Tittelen kjem frå «The Angel» i Little Hadham i Hertfordshire, ein tidlegare pub der bandet budde på denne tida, og tittelsporet er ein sjølvbiografisk song som omtalar «John the Wood» (medprodusent), «Dave the Drum» (Mattacks) og detaljar som «peer through the haze watching Top Of The Pops». Bandet flytte ut av The Angel kort tid etter albumet kom ut, delvis fordi ein lastebil hadde kome ut av kontroll og kræsja inn i soverommet til Dave Swarbrick.

Musikalsk utvikla Angel Delight seg lite frå forgjengarane, sjølv om ei framføring på Top of the Pops gav dei suksess på listene. Albumet nådde åttandeplass på den britiske albumlista, den høgaste plasseringa dei nokon gong klarte å nå i heimlandet.

Innhald

Medverkande Dave Swarbrick – solovokal (1,4,5,10,11), mandolin (2,6,8,9,10), vokal (2,6,7,9), fele (1,5,7,8,11), bratsj (9), koko (8) Dave Pegg – bassgitar (1-2,4-8,10,11), vokal (1,2,4-7,9,10,11), sologitar (10), bratsj (9), fiolin (3) Dave Mattacks – trommer (1,2,4-11), perkusjon (8,10), vokal (1,4-7,10-11), harmonium (4), tamburin (6), bassgitar (3), piano (4) Simon Nicol – solovokal (2,5), vokal (1,4-7,9,10,11), gitar (1,2,4-8,10,11), bassgitar (9), elektrisk dulcimer (1,9), fiolin (3)

på 11: Richard Thompson – vokal, elektrisk gitar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Angel Delight (album)» frå , den 30. januar 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1971 Kategori:Fairport Convention-album Kategori:Album produserte av John Wood Kategori:Island Records-album Kategori:Album produserte av Dave Mattacks Kategori:Album produserte av Dave Pegg Kategori:Album produserte av Dave Swarbrick Kategori:Album produserte av Simon Nicol