mini|Ålgård stasjon vert no nytta i samband med kyrkja. mini|Togstasjonen på Figgjo står framleis, og vert nytta av Ålgårdbanens venner. mini|Sporet gror til.

Ålgårdbanen eller Ålgårdsbanen er namnet på ei jarnbaneline, sidelina frå Ganddal stasjon på Jærbanen til Ålgård stasjon. Lina er 12 kilometer lang, og vart opna i 1924. Ho var tenkt som byrjinga av Sørlandsbanen, som skulle byggjast om lag der som E39 går no. Men slik vart det ikkje, og passasjertrafikken vart nedlagd i 1955. Størstedelen av godstrafikken forsvann i 1988, og spora på Ålgård stasjon vart rivne opp.

I 1923 gjorde Stortinget vedtak om bygging av den såkalla «Indre Linje» (Klungland - Bjerkreim - Vikeså - Ålgård). I 1937 gjorde Stortinget nytt vedtak om at den normalspora Sørlandsbanen skulle gå over Egersund og Jæren.

Dei siste åra har berre dei tre første kilometerane av lina vorte nytta til togtrafikk. På Figgjo stoppestad, som no har vorte museum, kan ein leiga seg skjenesykkel (dresin) og sykla til Ålgård og attende.

Det har vore gjort fleire overslag over kor mykje det vil koste å sette i stand Ålgårdbanen til regulær drift. Det siste overslaget (2012) har gjort at Jernbaneverket ikkje er avvisande til det.

Stoppestadar: Ganddal Foss-Eikeland Bråstein Figgjo Ålgård

Turen frå Ganddal til Ålgård tok om lag 20 minutt i 1955.

Linjekart Kilometrering refererer til Oslo V.

Bakgrunnsstoff Ålgårdsbanens Venner sin nettstad

Litteratur Nils Carl Aspenberg: Glemte spor : boken om sidebanenes tragiske liv, Baneforlaget 1994. ISBN 82-91448-00-0 Rune Gjertsen: Gjenåpning av Ålgårdsbanen for persontrafikk Kandidatoppgåve Rogaland distriktshøgskule, Stavanger 1986. Torkel Thime: Banelangs : Ålgårdbanen gjennom 75 år, Stavanger 1999.

Kategori:Nedlagde jarnbanestrekningar i Noreg Kategori:Jarnbanestrekningar opna i 1924 Kategori:Jarnbanestrekningar nedlagde i 1988 Kategori:Jarnbanestrekningar i Rogaland Kategori:Museumsjarnbanar i Noreg Kategori:Jæren Kategori:Ganddal Kategori:Turistmål i Rogaland Kategori:Samferdsle i Gjesdal Kategori:Byggverk i Gjesdal Kategori:Samferdsle i Sandnes Kategori:Byggverk i Sandnes Kategori:1924 i Noreg Kategori:1988 i Noreg