Helsebiblioteket.no er ein offentleg finansiert nettstad som blei lansert 6. juni 2006Erikstein, Bjørn; Larsen, Bjørn-Inge; Røttingen, John-Arne. «Helsebiblioteket» gir fagstoff til alle. Dagbladet 7. juni 2006. og som gir norsk helsepersonell og studenter gratis tilgang til oppdatert, fagleg kunnskap.Organisering og finansiering . Helsebiblioteket.no 18. januar 2016.
Dette blir gjort ved å
abonnere på og gi tilgang til elektroniske tidsskrift gi tilgang til databaser og kliniske oppslagsverk gi tilgang til oppsummert forsking samle nettressursar skrive eigne aktueltartiklar
Helsebiblioteket.no gir tilgang til ny forsking, oppsummert forsking, nasjonale faglege råd og retningslinjer frå offentlege myndigheiter, rettleiingar, råd og prosedyrar frå anerkjende fagmiljø. Helsebiblioteket inneheld fleire emnesider. Dei mest omfattande er forgiftingar, kvalitetsforbetring, legemiddel, psykisk helse og samfunnsmedisin og folkehelse.
Nettstaden blir finansiert gjennom Statsbudsjettet. Han er driven av FolkehelseinstituttetNye oppgaver i 2016. Folkehelseinstituttet 18. desember 2015.. Professor dr. med. Magne Nylenna er ansvarleg redaktør for nettstaden.
Den 6. januar 2012 fekk Helsebiblioteket.no Norsk bibliotekforening sin pris Årets bibliotek 2011. Det er første gong prisen gjekk til eit heildigitalt bibliotek.Helsebiblioteket.no er Årets bibliotek 2011 . Norsk bibliotekforening 6. januar 2012.
Helsebiblioteket held til i det gamle Rikshospitalet sin kvinneklinikk, no Domus & Medicus, i Pilestredet park 7 i Oslo.
Helsebiblioteket har frikjøpt sentrale oppslagsverk som Legevakthåndboken, BMJ Best Practice, UpToDate og Micromedex for alle i Noreg.
Helsebiblioteket tilbyr også elektroniske tidsskrift som BMJ (British Medical Journal), JAMA (The Journal of the American Medical Association) og The New England Journal of Medicine (NEJM).
Helsebiblioteket er mykje nytta, både av helsepersonell, studentar og lekfolk.Eggen, Runar; Tjensvoll, Kjell; Nylenna, Magne. Examining the Use of an Open Digital Health Library for Professionals. JMIR Research Protocols Oct-Dec 2014
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Emnesida forgiftninger Emnesida legemidler Emnesida psykisk helse Emnesida samfunnsmedisin og folkehelse
Kategori:Helse Kategori:Norske nettstader Kategori:Bibliotek i Noreg