mini|Aleksandr Radisjtsjev Aleksandr Nikolajevitsj Radisjtsjev () var ein russisk filosof, forfattar og embetsmann (direktør for tollkammeret i St. Petersburg).

Liv Radisjtsjev var fødd i Moskva i ein lågadeleg godseigarfamilie. På ønske frå Katarina II studerte han rettsvitskap i Leipzig – Goethe var ein av medstudentane. Radisjtsjev vart påverka av opplysingstenkarar som Gabriel Bonnot de Mably, Jean-Jacques Rousseau, Claude Adrien Helvétius og Laurence Sterne.

I 1790 gav Radisjtsjev ut reiseskildringa Reise frå St. Petersburg til Moskva. Her skildra han det russiske bondelandet dels realistisk, dels sentimentalt, men boka var i røynda ein radikal kritikk av det han såg på som sosiale mistilhøve i Russland under Katarina II. Radisjtsjev kritiserte spesielt liveigenskapen, og det umenneskelege og i stor grad forfalne aristokratiet, og sette som den aller førsteDie Dekabristen på zvab.com, henta 10. januar 2012 fram eit forslag om å frisetje bøndene frå liveigenskapen. Tsarina Katarina var rysta over den franske revolusjonen og heldt Radisjtsjev for «verre enn Pugatsjov» (føraren for eit kosakkopprør i 1773–1775), så styresmaktene drog inn heile opplaget av verket og dømde han i 1790 til døden. Det enda med at han fekk nåde og i staden vart dømd til ti års forvising.

Etter at Katharina døydde i 1796, sette tsar Paul I Radisjtsjev fri og gav han lov til å busette seg på godset sitt. Men Radisjtsjev hadde ikkje endra syn og vart trua av personar med stor påverkingskraft. I 1802, framleis under oppsikt av politiet, tok han sitt eige liv ved å drikke salpetersyre. Han var fortvila over dei dårlege utsiktene til reformrørsla og var redd for å bli deportert på ny, men ville òg sende ut eit signal.

Først i 1905 kom ei usensurert utgåve av reiseskildringa til Radisjtsjev ut, med innleiing av N.P. Silvanskij og P.E. Stjegolev.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Aleksandr Radistjev» frå , den 3. februar 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Russiske forfattarar Kategori:Russiske filosofar