Bu Xiangzhi () i Qingdao er ein kinesisk stormeister i sjakk, og eit tidlegare sjakk-vedunderbarn. I 1999 kvalifiserte han seg for stormeister-tittelen i ein alder av berre 13 år 10 månader og 13 dagar. Han vart dermed den til då yngste stormeisteren i sjakk i verda. Han vart den 10. kinesiske sjakkspelaren som klarte stormeister-tittelen. I april 2008 vart Bu og Ni Hua den andre og tredje kinesiske sjakkspelaren som klarte å kome over 2700 i FIDE-rating, etter Wang Yue.
Karriere Tidlege år Eit eldre søskenbarn lærte Bu å spele sjakk då han var seks år. Bestefaren hans var ein sterk xiangqi-spelar. Bu vart meir interessert i spelet då Xie Jun frå Kina vann Verdsmeisterskapen i sjakk for kvinner i 1991. Han begynte å ta sjakk alvorleg då han var ni år, og hadde trenar frå då. Han hadde rask framgang, og i 1997 vann han ei nasjonal turnering. I 1998, då han var 12 år, vann han ein kinesisk meisterskap for skuleelevar, og same året vann han verdsmeisterskapen i sjakk for ungdom, klassa for under 14 år.
Yngste stormeister i verda Ein sponsoravtale med eit firma i heimbyen Qingdao gjorde det mogleg for Bu og trenaren Ji Yunqi å reise til Europa for å ta del i fleire internasjonale sjakkturneringar. Hausten 1999 klarte han på berre to månader dei nødvendige tre innteikningane i stormeistertittelen. Han vann turneringa 21–29. september i Paks, kategori 10, med 6 av 9 moglege og deretter 3–13. oktober vann han Kluger Memorial Budapest First Saturday, kategori 7, med 8,5 av 11 moglege. Han fekk så delt førsteplass 18–23. oktober i Qingdao Daily Cup, med 6 av 8 moglege.Xiangzhi Bu, jüngster Großmeister der Geschichte, TeleSchach : Schach aktuell. Update 24.10.1999. Han var som nemnt tidlegare berre 13 år 10 månader og 13 dagar gammal då han sikra seg den tredje og avgjerande stormeisternorma, og blei dermed den yngste stormeisteren i sjakk til då. Han var den yngste stormeisteren i sjakk fram til juli 2002, då Sergej Karjakin vart stormeister berre 12 år og 7 månader gammal.
Seinare karriere mini|Bu Xiangzhi under turneringa i blindsjakk i Bilbao i 2007 mini|Bu Xiangzhi (til venstre) mot Levon Aronian under Mtel Masters 2008 i Sofia Bu har vore ein aktiv deltakar i sjakkturneringar rundt om i verda, og gjort mange gode prestasjonar.
I november 2004 vann han den kinesiske meisterskapen i sjakk i Lanzhou med 9 av 11 moglege.http://www.fide.com/ratings/trarc.phtml?event16=30&codt=15
I oktober 2007 vann han ei stor turnering i blindsjakk i Bilbao med 1,5 poeng margin, framom svært sterke motstandarar som Veselin Topalov, Magnus Carlsen, Pentala Harikrishna, Judit Polgár og Sergej Karjakin.chessbase.com
Lagkampar for Kina Bu har sidan 2001 vore med på det kinesiske landslaget i sjakk. Både i VM for landslag i 2005 i Beer Sheva,OlimpBase :: World Men's Team Chess Championship :: Bu Xiangzhi og i det 37. sjakk-OL i 2006 i Torino spelte han på første bord for Kina, med svært gode resultat. Kina vart nummer to i begge turneringane, og Bu fekk sølvmedalje for nest beste resultat på første bord. I sjakk-OL vann han fire parti, og spelte åtte remis, mot toppspelarar som Vladimir Kramnik, Viswanathan Anand og Levon Aronian.
Minneverdige parti Bu Xiangzhi - Krishnan Sasikiran, VI Ciudad de Dos Hermanas Internet 2005, Grünfeld-forsvaret: Avbyte-varianten, Nadanian-angrepetk (D85), 1-0 Baadur Jobava - Bu Xiangzhi, 37. sjakk-OL 2006, slavisk forsvar: Kameleon-varianten, framstøyt-systemet (D15), 0-1 Bu Xiangzhi - Judit Polgar, Biel Chess Festival 2007, engelsk opning, symmetrisk, firspringarvarianten (D41), 1-0 Bu Xiangzhi - Veselin Topalov, M-Tel Masters 2008, dronningbondeparti, symmetrisk variant (D02), 1-0
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
NICBase Online Info at New In Chess
Bu Xiangzhi at Sina Sports Rating data for player Bu, Xiangzhi Chessmetrics Ratings: Bu Xiangzhi Elo rating with world rankings and historical development since 1999 (benoni.de/schach/elo) for Bu Xiangzhi Biography of Bu Xiangzhi , Corus Chess 2007. Bu Xiangzhi: I would bet on Topalov for victory in Sofia (2008 Interview)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bu Xiangzhi» frå , den 4. februar 2011.
Kategori:Stormeistrar i sjakk Kategori:Kinesiske sjakkspelarar Kategori:Sjakk-vedunderbarn Kategori:Folk frå Qingdao