Grateful Dead var eit amerikansk rockeband skipa i San Francisco Bay Area i 1965. Bandet var kjend for den unike og breitt samansette stilen sin, som blanda element frå rock, folk, bluegrass, blues, reggae, country, jazz, psykedelia og space rock"purveyors of freely improvised space music," -- Blender Magazine, May 2003""Dark Star," both in its title and in its structure (designed to incorporate improvisational exploration), is the perfect example of the kind of "space music" that the Dead are famous for. Oswald's titular pun "Grayfolded" adds the concept of folding to the idea of space, and rightly so when considering the way he uses sampling to fold the Dead's musical evolution in on itself." -- Islands of Order, Part 2,by Randolph Jordan, in Offscreen Journal, edited by Donato Totaro, Ph.D, film studies lecturer at Concordia University since 1990.—og for konsertane sine med lange improvisasjonar. «Musikken deira», skriv Lenny Kaye, «rører område som dei fleste andre grupper ikkje ein gong veit eksisterer.»

Tilhengjarar av Grateful Dead, nokre av dei har følgd bandet frå konsert til konsert i årevis, vert kalla «Deadheads», og er kjend for den store entusiasmen sin for bandet. Mange kallar berre bandet for «the Dead».

Musikken til Grateful Dead er påverka frå mange hald. På konsertinnspelingar eller på platene deira kan ein høyre psykedelisk rock, blues, rock and roll, country, bluegrass, countryrock og improvisert jazz. Desse forskjellige inspirasjonskjeldene vart utskild til ein mangfaldig og psykedelisk heilskap som gjorde «Grateful til pionerane i jamband-verda»Garofalo, s. 219 Dei vart rangert på 55. plass på lista til Rolling Stone over dei største artistane gjennom tidene.

Historie Dei første åra (1964-1966) Phil Lesh og Jerry Garcia vart ført i lag av Gert Chiarito i 1964 for å spele på The Midnight Special, radioprogrammet hennar på KPFA i Berkeley, som gjekk kvar lørdagkveld.Thank you, Grateful Dead and John Meyer . . . I'm eternally grateful!

Grateful Dead starta karrieren sin som the Warlocks, ei gruppa danna tidleg i 1965 frå restane av jugbandet frå Palo Alto kalla Mother McCree's Uptown Jug Champions.Metzger, John. Mother McCree's Uptown Jug Champions album review, The Music Box, May 1999. Den første konserten til bandet var på Magoo's Pizza i forstaden Menlo Park i California den 5. mai 1965. Dei var framleis kjend som the Warlocks sjølv om the Velvet Underground òg nytta det same namnet på austkysten.Magoo's Pizza Parlor - May 5, 1965 | Grateful Dead Konserten vart ikkje teken opp og ikkje ein gong setlista er bevart for ettertida. Bandet endra namn då dei fann ut at eit anna band med same namn hadde signert ein platekontrakt (ikkje The Velvet Underground som då hadde endra namn). Den første konserten deira under Grateful Dead var i San Jose i California den 4. desember 1965, ein av Ken Kesey sine Acid Tests.Big Nig's House - December 4, 1965 | Grateful Dead Tidlege demoopptak finst, men den første av dei over 2000 konsertane deira som vart fanga på lydband var ein konsert i Fillmore Auditorium i San Francisco den 8. januar 1966.Grateful Dead Live at Fillmore Auditorium on 1966-01-08 : Free Download & Streaming : Internet Archive Seinare same månad spelte Grateful Dead på Trips Festival, eit tidleg psykedelisk rock-show.

Medlemmane i Grateful Dead på denne tida var banjo- og gitarist Jerry Garcia, gitarist Bob Weir, organisten Ron «Pigpen» McKernan, bassisten Phil Lesh og trommeslagaren Bill Kreutzmann (som då nytta scenenamnet Bill Sommers.)Rolling Stone, s. 332 Lesh var det siste medlemmet som vart med i the Warlocks før dei vart Grateful Dead: han erstatta Dana Morgel Jr. som hadde spelt bass på eit par konsertar. Utanom McKernan, heldt kjernen i bandet i lag i 30 år, fram til Garcia døydde i 1995.Garofalo, s. 218

Namnet Grateful Dead vart vald frå ei ordbok. I følgje Phil Lesh, i biografien hans (s. 62), «...[Jerry Garcia] tok opp ei gammal Britannica World Language Dictionary...[og]...med ei sølvklår alvestemme sa han til meg, 'hei, du, kva med the Grateful Dead?'» Definisjonen der var «sjela til ein død person, eller engelen hans, som syner takksemd til nokon, som ei med ei velgjerning arrangert gravferda deira.». I følgje Alan Trist, direktøren i musikkforlaget til Grateful Dead Ice Nine, fann Garcia namnet i Funk & Wagnalls Folklore Dictionary, då fingeren hans landa på uttrykket medan dei spelte spelet «dictionary». I Garcia-biografien Captain Trips, skriv forfattar Sandy Troy at bandet røykte psykedelisk DMT på denne tida.Troy, Sandy, Captain Trips: A Biography of Jerry Garcia (New York: Thunder's Mouth Press, 1994). DMT, s. 73; Acid King s. 70; Watts+ s. 85.

Andre folk som tidleg vart knytt til bandet var Rock Scully, som høyrte bandet frå Kesey og vart manager for dei etter å ha møtt dei under Big Beat Acid Test.

Hovudkarriere (1967-1995) mini|Bruce Hornby spelte piano på dei fleste Grateful Dead-konsertane frå september 1990 til mars 1992.

Ein av dei første store konsertane til bandet i 1967 var Mantra-Rock Dance— den 29. januar 1967 i Avalon Ballroom i Hare Krishna-tempelet i San Francisco. Grateful Dead spelte i lag med Hare Krishna-grunnleggjaren Bhaktivedanta Swami, diktaren Allen Ginsberg, banda Moby Grape og Big Brother and the Holding Company med Janis Joplin, og inntektene vart donerte til Krishna-tempelet. Det første albumet til bandet, The Grateful Dead, kom ut på Warner Brothers i 1967.

Den klassiske trente trompetisten Phil Lesh spelte bassgitar. Bob Weir, det yngste originale medlemmet i gruppa, spelte rytmegitar. Ron «Pigpen» McKernan spelte klaverinstrument og munnspel fram til han døydde i 1973, 27 år gammal. Garcia, Weir og McKernan song alle meir eller mindre like mykje. Bill Kreutzmann spelte trommer, og i september 1967 fekk dei ein trommeslagar til, Mickey Hart, som spelte på mange forskjellige perkusjonsinstrument.

I 1970 spelte dei i New Orleans på The Warehouse. Den 31. januar 1970 raida politiet hotellet deira og arresterte og sikta 19 personar for å narkotikamisbruk."Drug Raid Nets 19 in French Quarter", The Times-Picayune, February 1, 1970 Siktingane vart etter kvart heva, bortsett frå lydteknikaren Owsley Stanley, som alt var sikta i California for å ha laga LSD. Dette vart seinare omtalt i teksten på songen «Truckin'», ein singel frå American Beauty, som nådde 64. plass på listene.

Hart forlet Grateful Dead i februar 1971, og Kreutzmann vart igjen den einaste perkusjonisten i bandet. Mickey Hart kom attende til Grateful Dead for godt i oktober 1974. Tom «TC» Constanten vart ny mann på klaverinstrument frå 1968 til 1970, medan Pigpen spelte forskjellige perkusjonsinstrument og song.

Etter at Constanten forlet bandet, vart Pigpen igjen den einaste organisten i bandet. Mindre enn to år seinare, seint i 1971, fekk Pigpen ein ny kollega på tangentar, Keith Godchaux, som spelte piano i lag med Pigpen på Hammond B-3 orgel. Tidleg i 1972 vart kona til Keith, Donna Jean Godchaux, med Grateful Dead som korvokalist.

Etter ein turne i Europa i 1972 vart helsa til Pigpen så dårleg at han ikkje lenger kunne turnere med bandet. Den siste konserten hans vart den 17. juni 1972 i Hollywood Bowl i Los Angeles;Scott, Dolgushkin, Nixon, "Deadbase X", New Hampshire, s.23. ISBN 1-877657-21-2 han døydde i mars 1973 etter lang tids alkoholmisbruk.McNally, Dennis, "A Long Strange Trip", New York 2002, s.584. ISBN 0-7679-1186-5

Bandet heldt fram som før etter at Pigpen døydde med nye medlemmar. Dei sanna like etter sitt eige plateselskap, Grateful Dead Records. Seinare same året gav dei ut det neste soloalbumet, det jazz-påverka Wake of the Flood. Det art den største kommersielle suksessen deira så langt.The Grateful Dead Bandet gjekk raskt i studio igjen og spelte inn eit nytt album, Grateful Dead from the Mars Hotel. Ikkje lenge etter tok Grateful Dead seg ein pause frå turneringa, slik at medlemmene kunne fokusere på solokarrierane sine. Pausen varte ikkje lenge, og dei starta opp konsertverksemda igjen i 1976. Same året signerte dei ein platekontrakt med Arista Records. På det nye selskapet gav dei ut Terrapin Station. Sjølv om ting såg bra ut for bandet, hadde dei nyaste medlemmane deira byrja å få problem. Donna Jean fekk ofte problem med stemma si under konsertane og Keith hadde vorte avhengig av tunge narkotika. Begge forlet bandet i februar 1979.

Brent Mydland vart med i bandet på klaverinstrument og som vokalist. Keith og Donna Godchaux danns då Heart of Gold Band før Keith Godchaux døydde i ei bilulukke i 1980. Mydland spelte 11 år med Grateful Dead før han døydde av ein overdose i juli 1990, og vart den tredje Dead-keyboardisten som døydde. Vince Welnick, som tidlegare hadde spelt i The Tubes, kom då inn i bandet på klaverinstrument og vokal. Welnick vart verande med bandet til Garcia døydde, men han vart aldri medlem av The Other Ones eller The Dead. Han spelte derimot i tidlege utgåver av Ratdog med Bob Weir. Welnick døydde i 2006.

Etterverknad (1995 til i dag) mini|Bob Weir på scenen i 2007

Etter at Garcia døydde i august 1995 valde dei andre medlemmane å legge ned bandet. Sidan den gong har det vore fleire gjenforeiningar av dei gjenverande medlemmane.

I 1998 danna Bob Weir, Phil Lesh og Mickey Hart, i lag med fleire andre musikarar, bandet The Other Ones. The Other Ones heldt konsertar dette året og gav ut eit konsertalbum, The Strange Remain året etter. I 2000 la The Other Ones ut på turne att, denne gongen med Bill Kreutzmann men utan Lesh. Bandet var igjen aktive i 2002, no med Lesh attende. I 2003 endra dette bandet namn til The Dead, og dei turnerte i 2003 og 2004. I 2008 heldt The Dead to konsertar, «Deadheads for Obama» og «Change Rocks». I 2009 la The Dead ut på ein ny turne.

I 2009 dann Weir og Lesh eit nytt band, kalla Furthur, som har spelt fleire konsertturnar. I 2010 danna Hart og Kreutzmann Rhythm Devils som spelte mange konsertar denne sommaren.

Besetningar + Grateful Dead-besetningar (Juni 1965 – September 1967) Jerry Garcia – soliogitar, vokal Bob Weir – rytmegitar, vokal Ron «Pigpen» McKernan – klaverinstrument, munnspel, perkusjon, vokal Phil Lesh – bass, vokal Bill Kreutzmann – trommer (September 1967 – November 1968) Jerry Garcia – sologitar, vokal Bob Weir – rytmegitar, vokal Ron «Pigpen» McKernan – klaverinstrument, munnspel, perkusjon, vokal Phil Lesh – bass, vokal Bill Kreutzmann – trommer Mickey Hart – trommer (November 1968 – Januar 1970) Jerry Garcia – sologitar, vokal Bob Weir – rytmegitar, vokal Ron «Pigpen» McKernan – klaverinstrument, munnspel, perkusjon, vokal Tom Constanten – klaverinstrument Phil Lesh – bass, vokal Bill Kreutzmann – trommer Mickey Hart – trommer (Januar 1970 – Februar 1971) Jerry Garcia – sologitar, vokal Bob Weir – rytmegitar, vokal Ron «Pigpen» McKernan – klaverinstrument, munnspel, perkusjon, vokal Phil Lesh – bass, vokal Bill Kreutzmann – trommer Mickey Hart – trommer (Februar 1971 – Oktober 1971) Jerry Garcia – sologitar, vokal Bob Weir – rytmegitar, vokal Ron «Pigpen» McKernan – klaverinstrument, munnspel, perkusjon, vokal Phil Lesh – bass, vokal Bill Kreutzmann – trommer (Oktober 1971 – Mars 1972) Jerry Garcia – sologitar, vokal Bob Weir – rytmegitar, vokal Ron «Pigpen» McKernan – klaverinstrument, munnspel, perkusjon, vokal Keith Godchaux – klaverinstrument Phil Lesh – bass, vokal Bill Kreutzmann – trommer (Mars 1972 – Juni 1972) Jerry Garcia – sologitar, vokal Bob Weir – rytmegitar, vokal Ron «Pigpen» McKernan – klaverinstrument, munnspel, perkusjon, vokal Keith Godchaux – klaverinstrument Donna Godchaux – vokal Phil Lesh – bass, vokal Bill Kreutzmann – trommer (Juni 1972 – Oktober 1974) Jerry Garcia – sologitar, vokal Bob Weir – rytmegitar, vokal Keith Godchaux – klaverinstrument Donna Godchaux – vokal Phil Lesh – bass, vokal Bill Kreutzmann – trommer (Oktober 1974 – Februar 1979) Jerry Garcia – sologitar, vokal Bob Weir – rytmegitar, vokal Keith Godchaux – klaverinstrument