Christian Qvale () var ein norsk prest, ordførar og stortingsmann, fødd i Kvinesdal.
Qvale var son til ein prest. Han vart student frå katedralskulen i Trondheim i 1794 og cand. theol. fem år seinare. Frå 1800 til 1810 var han sokneprest i Hammerfest, sidan i Nesna til 1820. Tida 1820-46 var han sokneprest i Vefsn.
Qvale var 1. representant frå Nordlands amt på Stortinget i 1827 og på omframstortinget året etter. I 1827 var han medlem av komiteen om fiskeria, kanalanlegg i Helgeland og om reinskyss. Han var den fyrste ordføraren i Vefsn. Som prest og representant for bygdefolket i Vefsn gjorde han ein innsats for at soknet fekk kjøpe Dolstad kyrkje, etter at private aktørar først hadde fått tilslaget då Det nordlandske kyrkje- og skulefond selde kyrkja på auksjon.
Han døydde på prestegarden i Vefsn.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 Ordførere i Vefsn drevja.com
Kategori:Stortingsrepresentantar 1827-1829 Kategori:Stortingsrepresentantar for Nordland Kategori:Ordførarar i Vefsn Kategori:Norske prestar Kategori:Folk frå Kvinesdal Kategori:Folk frå Vefsn