Ariel Hernán Garcé () er ein argentinsk fotballspelar som har spela for den argentinske klubben Colón.
Garcé har vorte seriemeister i Argentina tre gonger med River Plate, i clausura-sesongen i 2000, 2002 og 2004. Han debuterte for Argentina sitt A-landslag i 2003, då han fekk to landskampar, men spelte så ikkje på landslaget igjen før i 2010, då han spelte to kampar til. Landlagssjefen Diego Maradona tok han ut i Argentina sin tropp til fotball-VM i 2010, men han spelte ingen kampar der.
Kategori:Argentinske fotballspelarar