«Somebody to Love» er ein rockesong skriven av Darby Slick og opphavleg spelt inn i 1960-åra av folkrockbandet The Great Society og seinare av det psyedeliske rockebandet Jefferson Airplane. Musikkmagasinet Rolling Stone rangerte Jefferson Airplane-versjonen på 274. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.
Great Society-versjonen Songen vart skriven av The Great Society-gitaristen Darby Slick og først framført av dette bandet, der svigerinna hans Grace Slick song. Songen vart ikkje lagt merke til utanfor klubbmiljøet i San Francisco Bay Area. Songen kom ut som singel i 1966 på Autumn Records og selde særs lita utanfor San Francisco.
Jefferson Airplane-versjonen
Då Grace Slick gjekk frå bandet for å bli med i Jefferson Airplane, to ho songen med seg og dei spelte han inn for Surrealistic Pillow, i lag med hennar eigen song, «White Rabbit». Den meir rocka versjonen til Airplane vart den første og største hitten til bandet. Singelen nådde femteplass på den amerikanske singellista.
«Somebody to Love» vart òg gjeven ut på det viktige albumet deira Surrealistic Pillow i februar 1967. Driven av den kraftfulle vokalen til Slick, er hardrockstilen til songen utypisk for den meir folk-aktige psykedeliaen som utgjorde mykje av albumet og det førre albumet til bandet. Teksten er i andre person, der kvart vers på to linjer omhandlar ei scene med framandgjering og fortviling. I refrenget vert tittelen på songen gjenteken fleire gonger, med små variasjonar, som «... / Don't you need somebody to love? / Wouldn't you love somebody to love? / ...» Som på albumet som songen kom ut på, var han særs viktig i å gjere motkulturrørsla i Haight-Ashbury kjend for resten av USA.
Denne versjonen finst i filmversjonen av Fear and Loathing in Las Vegas då Raoul Duke minnast første gongen han tok LSD på klubben The Matrix i San Francisco i 1967.
I filmen The Cable Guy frå 1996 syng Jim Carrey ein karaokeversjon av songen. Ein kan òg høyre songen på radio i byrjinga av filmen Four Brothers. Songen har ei metaforisk rolle i filmen til Coen-brørne' A Serious Man.
Medverkande Grace Slick – solovokal Marty Balin – tamburin Jorma Kaukonen – sologitar Paul Kantner – rytmegitar Jack Casady – bass Spencer Dryden – trommer
Salslister
Vekeslister Liste (1967)PlasseringCanada RPM Top SinglesRPM Top 100 Singles of 1967, 17. juni 19671U.S. Billboard Hot 100Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-1990 - 5U.S. Cash Box Top 100Cash Box Top 100 Singles, 17. juni 19675 Liste (1970)Plassering
Årslister Liste (1967)PlasseringCanada RPM Top 100 Singles of 1967 38U.S. Billboard Hot 100Musicoutfitters.com33U.S. Cash Box Cash Box Year-End Charts: Top 100 Pop Singles, 23. desember 196722
Boogie Pimps-versjonen
Ein versjon av «Somebody to Love» var debutsingelen til den tyske electronica-duoen Boogie Pimps. Han kom ut 11. januar 2004 og nådde tredjeplassen på UK Singles Chart og vart ein topp 20-hit i Irland, Australia, Danmark, Finland, Tyskland og Nederland. I dei fleste av desse områda vrt dette den einaste hitsingelen deira.
Salslister Vekeslister Liste (2004)Plassering
Årslister Liste (2004)PlasseringAustralia (ARIA)53Australia Dance (ARIA)3UK Singles (Official Charts Company)31
Salstrofé
Andre versjonar Great White, Aguaturbia, The Lambrettas, In Tua Nua, Angry Samoans, Cactus Jack, W.A.S.P., The Ramones (med vokal av Tracy Lords), Jim Carrey, Boogie Pimps, High Falutin, Salsoul Orchestra, Kasabian, Waysted, Zola Jesus og Chaud.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Somebody to Love av Jefferson Airplane» frå , den 10. februar 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Singlar frå 1967 Kategori:Jefferson Airplane-songar Kategori:Ramones-songar Kategori:Songar produserte av Rick Jarrard Kategori:Songar frå 1966 Kategori:RCA Victor-singlar Kategori:Singlar frå 2004 Kategori:Debutsinglar frå 2004 279