Zulu, òg kjend som isiZulu, er eit bantuspråk i niger-kongofamilien som vert tala av om lag ni millionar menneske kjende som zuluar. Fleirtalet av dei (over 95 %) bur i Sør-Afrika. Språket er det som blir forstått av flest folk i landet, over halvparten av innbyggjarane (Ethnologue 2005), og blei i 1994 eitt av elleve offisielle sørafrikanske språk. Ein snakkar òg zulu i Malawi, Mosambik og Eswatini.
mini|Prosentmessig del av folkesetnaden som snakkar zulu i ulike delar av Søra-Arika.
Grammatikk
Zulu er eit tonespråk. Zulu er også kjend for å ha klikkelydar. Zulu har ein dental, ein alveolar og ein lateral klikk, dei blir skrive 'c, q, x.
Zulu er eit agglutinerande SVO-språk og høyrer til språkfamilien nguni. I M. Guthrie sitt klassifiserintgssystem høyrer zulu til sone S.
Språkhistorie
Den kjende historia til språket er knapp, men det finst vitnemål om språket frå 1500-talet. Zuluane kom til dagens Sør-Afrika rundt 1300-talet. Som xhosaene, som hadde innvandra under tidlegare bølgjer av bantuekspansjonen, tok zulu opp mange lyder frå språka til khoisan- og sanfolk. Dette har ført til at både zulu og xhosa har klikk-konsonantar lik desse språka.
Som alle andre sørafrikanske språk var zulu berre eit talespråk fram til europeiske misjonærar kom til området. Den første grammatikken over zulu blei utgjeven i Noreg i 1850 av den norske misjonæren Hans Schreuder. Det første dokumentet skrive på zulu var ei bibelomsetjing frå 1883. I 1901 oppretta John Dube, ein zulu frå Natal, Ohlange Institute, den første innfødde utdanningsinstitusjonen i Sør-Afrika. Han var også forfattaren av Insila kaShaka, den første romanen skriven på zulu.
Utviklinga til skriftspråket vart styrd av Zulu Language Board i KwaZulu-Natal fram til dette blei erstatta av Pan South African Language Board, som tek for seg alle dei offisielle språka i Sør-Afrika.
Lydlære Vokalar
Fremre Sentral Bakre Lukka Midtre Open
IPAEksempel (IPA)Eksempel (orto.)TydingMerknader«hjelpe»Uttalt som i-en i ordet rik«landsby»Uttalt som o-en i ordet mor«passasjer»«e» vert uttalt når han kjem etter ei staving som inneheld «i» eller «u» eller kjem til slutt«lage mat»«e» vert uttalt andre stader.«brur»«o» vert uttalt når han kjem etter ei staving som inneheld «i» eller «u» eller kjem til slutt«bestemor»«o» vert uttalt andre stader.«pusle»Uttalt som «mama» på engelsk
Konsonantar Labial Dental/alveolar Postalveolar Velar Glottal sentral lateral Klikk vanleg aspirert depressor nasal depressor-nasal Nasal plain depressor Plosiv vanleg aspirert depressor implosiv Affrikat vanleg depressor Frikativ vanleg depressor Approksimant vanleg depressor
Konsonantane markert med trema (to prikkar) er depressor-konsonantar som påverkar tonen til stavinga si.
Klikkelydar
Zulu har tre klikkelydar:
c: dental (som ein smattar på norsk når noko er gale/synd) q: alveolar (som ei flaske som opnar med eit «pop») x: lateral (som ein smattar på hestar)
UttaltEksempel (IPA)Eksempel (skrive)TydigMerknader iciciøyreringukuchazaå forklara/fasinera isigcinoende incwancwasyrna maismjøl iconsidrope iqaqailder iqhudehane uMgqibelolaurdag inqolavogn ingqondohjerne ixoxofrosk ukuxhasaå støtta ukugxobaå trampa inxebasår ingxenyedel
Språkdøme Under følgjer ei liste enkle uttrykk som kan brukast om ein vitjar eit zuluspråkleg område.
Sawubona Hei til éin person Sanibonani Hei til ei gruppe Ngiyabonga (kakhulu) (Tusen) takk Hamba kahle/Sala kahle Ha det bra ('gå vel')/ha det bra ('ver vel') (Brukt ved avskjed. Personen som blir verande ein stad seier «hamba kahle» og personen som forlét han «sala kahle») Hambani kahle/Salani kahle Ha det bra ('gå vel')/ha det bra ('ver vel') for ei gruppe folk Eish! Wow! (utrop ved sjokk/overrasking, også brukt i sørafrikansk engelsk) Hhayibo Nei!/Stopp!/Ikkje! (også brukt i sørafrikansk engelsk) Yebo Ja Cha Nei Angazi Eg veit ikkje Ukhuluma isiNgisi na? Snakkar du engelsk? Ngisaqala ukufunda isiZulu Eg har nett byrja lære zulu Uqonde ukuthini? Kva meiner du?
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Zulu» frå , den 23. september 2013.
Denne artikkelen bygger på «Zulu language» frå , den 23. september 2013.
Bakgrunnsstoff https://web.archive.org/web/19970416061941/http://www.lmp.ucla.edu/profiles/profz01.htm Teach Yourself Zulu av Arnett Wilkes.
Kategori:Bantuspråk Kategori:Språk i Sør-Afrika Kategori:Tonespråk Kategori:Einskildspråk