Leonhard Christian Borchgrevink Holmboe () var ein norsk prest og stortingsmann frå Trondenes i Troms. Even og Hans Holmboe var brørne hans.

Holmboe vart student i 1823 og cand. theol. i 1827. Same året, 1827, vart han sokneprest i Buksnes. Sidan var han sokneprest i Tromsø 1839-60 og i Jevnaker 1860-77.

Holmboe representerte Nordlands amt på Stortinget i 1836 og på omframstortinget 1836-37. Han var då medlem av næringskomiteen. På ny stortingsrepresentant 1842, då for Finmarkens amt (som omfatta dagens Finnmark og Troms fylke), medlem av næringskomite nr 2.

Han busette seg i Kristiania etter han slutta som prest, døydde der i 1887.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1836-1838 Kategori:Stortingsrepresentantar 1842-1844 Kategori:Stortingsrepresentantar for Nordland Kategori:Stortingsrepresentantar for Finnmark Kategori:Norske prestar Kategori:Folk frå Harstad