San Marino debuterte i Eurovision Song Contest i 2008 og har delteke tretten gongar. I debutåret kom San Marino på sisteplass i sin semifinale som, saman med sisteplassen i 2017 og 2023, er den dårlegaste plasseringa til landet i Eurovision Song Contest. På tretten forsøk har San Marino berre kvalifisert seg til finalen tre gongar: i 2014, 2019 og sist i 2021. Den beste plasseringa til San Marino er 19.-plassen frå 2019.

Historikk I juni 2007 kunngjorde den sanmarinske kringkastaren SMRTV dei ønskte å deltake i Eurovision Song Contest i nær framtid. Fem månader seinare bekrefta kanalen at San Marino skulle delta i Eurovision Song Contest 2008. Deira fyrste bidrag, «Complice» av gruppa Miodio, havna på sisteplass i den fyrste semifinalen med berre fem poeng.

Etter mykje fram og tilbake valde SMRTV å trekkje seg frå tevlinga i 2009 og 2010. Årsaka var ifylgje kringkastaren ein vanskeleg økonomisk situasjon i selskapet.

I 2011 var San Marino tilbake igjen og har delteke kvart år sidan. Den sanmarinske songaren Valentina Monetta deltok tre år på rad og lykkast å få San Marino til finalen på hennar tredje forsøk, 2014. Fram til 2019 var dette den einaste gongen San Marino har delteke i ein Eurovision Song Contest-finale. Monetta var også den fyrste sidan den austerrikske songaren Udo Jürgens i 1966 til å deltake i Eurovision Song Contest tre år i strekk.

Bidrag År Artist Song Språk Finalen Semifinalen Poeng Plass Poeng Plass 2008 Miodio «Complice» Italiensk colspan="2" rowspan="4" 5 19 2011 Senit «Stand By» Engelsk 34 16 2012 Valentina Monetta «The Social Network Song (OH OH - Uh - OH OH)» Engelsk 31 14 2013 Valentina Monetta «Crisalide (Vola)» Italiensk 47 11 2014 Valentina Monetta «Maybe» Engelsk 14 24 40 10 2015 Michele Perniola og Anita Simoncini «Chain of Lights» Engelsk colspan="2" rowspan="4" 11 16 2016 Serhat «I Didn't Know» Engelsk 68 12 2017 Valentina Monetta og Jimmie Wilson «Spirit of the Night» Engelsk 1 18 2018 Jessika med Jenifer Brening «Who We Are» Engelsk 28 17 2019 Serhat «Say Na Na Na» Engelsk 77 19 150 8 Senhit «Freaky!» Engelsk colspan="4" 2021 Senhit med Flo Rida «Adrenalina» Engelsk 50 22 118 9 2022 Achille Lauro «Stripper» Italiensk og engelsk rowspan="3" colspan="2" 50 14 2023 Piqued Jacks «Like an Animal» Engelsk 16 0 2024 Megara «11:11» Spansk 16 14 2025 Gabry Ponte «Tutta l’Italia» Italiensk 27 26 46 10 2026 Senhit med Boy George «Superstar» Engelsk

Galleri

Røystehistorikk Finalane

+ San Marino har gjeve flest poeng til# Land Poeng 01 118 02 82 03 50 04 49 05 48

+ San Marino har fått flest poeng frå# Land Poeng 01 18 02 17 03 16 04 13 05 12

Semifinalane (2008-2021)

+ San Marino har gjeve flest poeng til# Land Poeng 01 76 02 54 03 46 04 44 05 43

+ San Marino har fått flest poeng frå# Land Poeng 01 41 02 38 03 33 04 31

Kringkasting, kommentatorar og poengutdelarar År Kommentator(ar) Poengutdelar(ar) SMtv San Marino Radio San Marino SMtv Web TV SMtv San Marino 2008 Lia Fiorio og Gigi Restivo (italiensk, alle showa) Roberto Moretti colspan=5 2011 Lia Fiorio (italiensk, alle showa) rowspan=2 rowspan=3 Nicola Della Valle 2012 Lia Fiorio og Gigi Restivo (italiensk, alle showa) Monica Fabbri 2013 Lia Fiorio og Gigi Restivo (italiensk, alle showa) John Kennedy O'Connor 2014 John Kennedy O'Connor og Jamarie Milkovic (engelsk, alle showa) Michele Perniola 2015 TBA TBA TBA Valentina Monetta

Sjå òg San Marino i Junior Eurovision Song Contest

Referansar

Kjelder Den offisielle nettsida til Eurovision Song Contest San Marino i Eurovision Song Contest

Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen «San Marino i ESC» frå , den 24. august 2020.

Kategori:San Marino i Eurovision Song Contest Kategori:Land i Eurovision Song Contest