Olav Luksengård Mjelva () er ein norsk felepelar frå Røros. Mora kjem frå Hallingdal.
Karriere
Han starta å spela fele på musikkskulen på Røros som sjuåring, deltok i juniorlag og reiste på kappleik. Etter vidaregåande var planen å utdanna seg til eigedomsmeklar, men han bestemte seg for å ta eit speleår fyrst. Difor starta han på Raulandsakademiet. Seinare hjelpte han til med å byggja opp eit folkemusikkarkiv på Røros saman med Leif Ingvar Ranøien. Mjelva har også spelt i folkemusikk/jazz-bandet Sver. Sver på Groove.no
Etter dette hadde Mjelva fått smaken på folkemusikk og byrja på Ole Bull Akademiet på Voss, der han voks mykje musikalsk. I 2006 fekk Mjelva saman med John Ole Morken Bergstadstipendet frå Røros kommune. I 2009 gav han ut plate for fyrste gong. Ho fekk namnet Fele/Hardingfele, Røros/Hallingdal og kom ut på Etnisk musikklubb. For plata vann Mjelva Spellemannprisen 2009 i klassa folkemusikk/ gamaldans.
Kjelder
Artikkelen er basert på intervju i Hallingdølen, 23.05.09. Bokmålswikipedia om Mjelva.
Referansar
kategori:Folk frå Røros kategori:Norske folkemusikarar kategori:Vinnarar av Spellemannprisen Kategori:Norske felespelarar