Patrick Barry Matheson () er ein norsk forretningsmann og artistmanager, busett på Jessheim.

Karriere

Matheson vart fødd i Sverige av britiske foreldre. Dei flytte til Noreg i 1946 og budde på fleire forskjellige stader før dei slo seg ned på Jessheim. Som syttenåring vart han med i sitt fyrste band, og han vart direktør i eit norsk plateselskap tjueto år gamal. Rundt denne tida stifta han òg Barry Matheson Music Productions AS. I 1966 skipa han også plateselskapet Continental Records. Under leiing av Matheson har Continental seinare utvidd seg til å omfatta fleire systerselskap, tre restaurantar og eitt hotel.

På sekstitalet stifta Matheson samarbeid med Arne Bendiksen. Bendiksen starta sitt eige plateselskap ved hjelp av Matheson sitt handelsbrev.Romerikes Blad, 22.07.08: Barry mestrer de største.

Matheson sit i dag i styret til både Spellemannprisen, IFPI, GGF, Musicom og MediaMaskin. Han har også hatt fleire høgtståande stillingar innan musikk og kulturliv. Han har også m.a. vore manager for artistane The Vanguards, Terje Rypdal, Sissel KyrkjebøVG, 26.10.06: Her er Sissel Kyrkjebøs nye manager, Secret Garden, Odd Nordstoga og Dance With A Stranger.

Utmerkingar

Matheson vart tildelt bransjeprisen under Spellemannprisen 2009 for lang og tru teneste innan norsk musikk. Han har også vunne Jessheimprisen for sitt lokale engasjement.

Privatliv

Matheson er gift med Inger Berit Nordengen, og dei har to born.

Kjelder

Biografi på engelsk på Ridbarry.no

Referansar

Kategori:Vinnarar av Spellemannprisen Kategori:Folk frå Ullensaker Kategori:Norske plateprodusentar Kategori:Norske forretningsfolk