Ole Thorbjørn «Klippen» Svenssen () var ein norsk fotballspelar frå Sandefjord.
Karriere
Svenssen spelte midtstoppar på banen, og spelte for Sandefjord Ballklubb heile karrieren sin, frå 1945 - 1964. I 1947 vart han med på det norske herrelandslaget i fotball, og han skulle spela 104 A-landskampar totalt fram til 1962. I 93 av desse var han kaptein på laget. Då Svenssen spelte sin landskamp nr. 100 i 1961, var engelske Billy Wright den einaste andre spelaren i verda som hadde oppnådd det same. Svenssen var æresmedlem i Sandefjord BK.
Svenssen døydde i januar 2011 på Nygård sykehjem i Sandefjord.VG, 08.01.11: Thorbjørn Svenssen er død.
Kjelder Artikkelen er omsett frå bokmålswikipedia om Thorbjørn Svenssen, henta inn 20. februar 2011. NBL-artikkel om Svenssen, skriven av Fridthjof Jacobsen.
Referansar
Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1952 Kategori:Fotballspelarar under sommar-OL 1952 Kategori:Sandefjord-spelarar Kategori:Folk frå Sandefjord