Elektriske fenomen er vanlege eller uvanlege hendingar som kan forklarast ut frå elektrisitet. Elektriske fenomen er ein noko vilkårleg inndeling av elektromagnetiske fenomen.

Somme døme er:

Biefeld–Brown-effekt — Effekten vert ofte kalla elektrohydrodynamikk (EHD) eller stundom elektro-væskedynamikk, eit motbart til den kjende magnet-hydrodynamikken. Berøringselektrifisering — Fenomenet der ein får elektrifisering ved kontakt. Når to lekamar rører kvarandre, kan stundom lekamane spontant bli ladd (ein negativ, ein positiv). Likestraum — Likestraum gjennom ein leiar som ein leidning frå høg til lågt potensial. Elektroluminescens — Fenomenet der eit material utstråler lys når ein elektrisk straum passerer gjennom det, eller finst i eit sterkt elektrisk felt. Elektrisk leiing — Rørsle av elektriske ladde partiklar gjennom eit overføringsmedium. Elektrisk støyt — Fysiologisk reaksjon hos ein biologisk organisme når det passerer elektrisk straum gjennom kroppen. Ferroelektrisk effekt — Fenomenet der visse ioniske krystallar kan syne eit spontant dipolmoment. Induksjon — Fenomen der eigenskapen til ein krets der energien vert lagra i form av eit elektromagnetisk felt. Lyn — kraftig naturleg elektrostatisk utlading under eit torevêr. Den brå elektriske utladinga produserer eit kraftig lys. Fotokonduktivitet — Fenomen der eit material vert meir leiande på grunn av absorpsjon av elektromagnetisk stråling som synleg lys, ultrafiolett lys eller gammastråling. Fotoelektrisk effekt — Utsending av elektron frå ei overflate (vanlegvis metallisk) når ho vert utsett for eller absorberer elektromagnetisk stråling (som synleg lys og ultrafiolett stråling). Piezoelektrisk effekt — Kor mykje spenning visse krystall kan generere når dei vert utsett for mekanisk stress. Pyroelektrisk effekt — Potensialet skapt i visse material når dei vert oppvarma. Statisk elektrisitet — Ei klasse fenomen som omfattar ubalanset ladning i ein lekam, typisk for ladningar med stor nok spenning til å produsere synleg tiltrekking, avvising og gneistar. Gneistar — Elektrisk nedbryting av eit medium som vert produsert i ei plasmautladning, liknar gneisten som kjem når straum går gjennom eit normalt ikkje-leiande medium som luft. Tellurisk straum — Ekstremt lågfrekvent elektrisk straum som skjer naturleg over store undergrunnsområde eller nær jordoverflata. Termoelektrisk effekt — Seebeck-effekten, Peltier-effekten og Thomson-effekten Friksjonselektrisk effekt — Type kontaktelektrifisering der lekamar vert elektrisk ladd etter å ha kome i kontakt med kvarandre og så vert fråskilde.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Electrical phenomena» frå , den 27. februar 2011.