Ole Christian Eidhammer () er ein norsk tidlegare skihoppar fødd i Molde. Han vann to internasjonale meisterskapsmedaljar, begge i lagtevlingar. Under Ski-VM 1987 i Oberstdorf var han på det norske firemannslaget som tok sølv. Hroar Stjernen, Ole Gunnar Fidjestøl og Vegard Opaas var dei andre på laget. Året etter, under Vinter-OL 1988 i Calgary, vart det bronsemedaljar på dei fire som hoppa for Noreg. Eidhammer og Fidjestøl hadde då selskap av Jon Inge Kjørum og Erik Johnsen. Eidhammer var medlem av Heimdal Idrettsforening.
Karriere Eidhammers beste plasseringar i verdscupen var to tredjeplassar. Den fyrste kom i Holmenkollrennet i 1984, bak Vladimír Podzimek og Pavel Ploc, begge frå Tsjekkoslovakia. I januar 1988 vart han nummer tre i Bischofshofen, bak den suverene vinnaren Matti Nykänen og Primoz Ulaga. I dei store meisterskapane hamna Eidhammer på 18. plass i storbakkerennet under Vinter-OL 1984 i Sarajevo, og på høvesvis 17. og 19. plass i dei to individuelle renna under Vinter-OL i Calgary i 1988. Frå NM-tevlingar fekk han med seg to sølvmedaljar, i normalbakken i 1984 og i storbakken i 1988. Nærast meisterskapstittelen var han i 1988, med sine 209,3 poeng var han 2,9 poeng bak vinnaren, Jon Inge Kjørum.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1983: Nr 10 i Vikersund (skiflyging) 1984: Nr 3 i Holmenkollen 1985: Nr 25 i Bischofshofen 1986: Nr 8 i Lahti 1987: Nr 13 i Oberwiesenthal 1988: Nr 3 i Bischofshofen 1988/89: Nr 6 i Lake Placid 1989/90: Nr 30 i Lake Placid
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1983: Nr 7 i storbakken på Lillehammer Ski-NM 1984: Sølvmedalje i normalbakken på Kongsberg Ski-NM 1985: Nr 9 i storbakken i Bærum Ski-NM 1986: Nr 4 i storbakken i Oslo Ski-NM 1987: Nr 5 i storbakken på Odnes Ski-NM 1988: Sølvmedalje i storbakken på Rena Ski-NM 1989: Nr 10 i storbakken på Odnes Ski-NM 1990: Nr 6 både i normalbakken på Fluberg og i storbakken i Meldal
Bakgrunnsstoff Ole Eidhammer i olympedia.org
Kategori:Norske skihopparar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Olympiske medaljevinnarar i skihopping Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1984 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1984 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1988 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1988 Kategori:Folk frå Molde