Bekfuru (Pinus rigida), også kjend som pitchpine, er eit furuslag som høyrer heime i det austlege Nord-Amerika. Det kan trivast på ulikt jordsmon, og får ei høgd på 6–30 meter. Bekfuru har god motstandskraft mot skogbrann. Den tjukke borken vernar stammen mot brannskadar. Om trekrona vert øydelagd, kan det vekse nye skot rett frå stamma.
Trevirke Sjølv om bekfuru ofte er krokete, og det kan vekse fleire stammer frå same rot, har trevirke vorte nytta til mange formål. Veden inneheld mykje harpiks, og er tung, hard og dermed slitesterk. Bruksområde har vore jernbanesviller, props i gruvegangar, og skipsbygging. Colin Archer brukte Pich Pine til garnering i polarskipet «Fram». Nokre av dei tidlege redningsskøytene hadde kjøl av bekfuru. Trevirket som har vore i handelen som Pitch Pine, har òg kome frå andre amerikanske furuslag, særleg Longleaf Pine (Pinus palustris).
Kjelder
Tom Rasmussen: Trevirke og materialbruk i Kravellbygging i Norge. Hardanger Fartøyvernsenter og Norsk Sjøfartsmuseum 2008 Bogen om træ. Lademann Forlagsaktieselskab København 2008
Denne artikkelen bygger på «Pitch Pine» frå , den 4. mars 2011.
Kategori:Furuslekta