Lasse Ingier Ottesen () i Aurskog er ein norsk tidlegare skihoppar og seinare trenar. I 1994 vann han OL-sølv i normalbakken, bak landsmannen Espen Bredesen.
Karriere Ottesen debuterte i verdscupen i mars 1991 i Trondheim. Ni gongar kom han på sigerspallen i verdscupen, av dei var tre andreplassar og seks tredjeplassar. Frå 1993- til 2000-sesongen høyrde han til verdseliten i skihopping. Beste plassering samanlagd i verdscupen var niandeplassen i 1994-sesongen. I 1997 sette han ny verdsrekord i Planica med eit hopp på 212 meter, ein rekord som heldt seg to år.
Ottesen deltok i vinter-OL 1992 i Albertville og vart nummer 45 i begge renna. I ski-VM 1993 i Falun mislukkast han på nytt. Høgdepunktet som skihoppar opplevde han på Lillehammer under dei olympiske leikane i 1994. Han vann sølv i normalbakken og kom på sjetteplass i storbakken, i tillegg var han med på det norske laget som vart nummer fire i lagtevlinga. Under ski-VM i Thunder Bay i 1995 hoppa han godt i storbakken og vart nummer fire, i normalbakkerennet hamna han langt nede på resultatlista. Også under ski-VM 1997 i Trondheim og 1999 i Ramsau måtte ein ned på resultatlistene for å finne Ottesen sitt namn. I mellom dei to meisterskapane hadde han vorte nummer 10 i storbakken i OL 1998 i Nagano. I skiflygings-VM vart han nummer fem både i 1994 i Planica og i 1998 i Oberstdorf, samt fekk ein niandeplass i Vikersund i 2000. Ottesen vart noregsmeister fem gongar, og fekk elles med seg to medaljar av kvar av valørane sølv og bronse. Han var medlem i Aurskog-Finstadbru Sportsklubb.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1991: Nr 13 i Štrbské pleso 1992: Nr 12 i Lahti 1992/93: Nr 2 i Falun 1994: Sølvmedalje under OL på Lillehammer. Nr 3 i Liberec 1994/95: Nr 4 under VM i Thunder Bay. Nr 3 i Planica og i Vikersund (skiflyging) 1995/96; Nr 5 i Predazzo 1996/97: Nr 2 i Kuusamo og nr 3 i Planica (skiflyging) 1998: Nr 4 i Oberstdorf. Nr 5 i VM i skiflyging, også Oberstdorf 1999: Nr 2 i Harrachov 1999/2000: Nr 3 i Zakopane og i Lahti 2000/01: Nr 22 i Kuopio
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1991: Nr 9 i storbakken i Bærum Ski-NM 1992: Gullmedalje i storbakken i Trondheim, sølvmedalje i normalbakken i Molde Ski-NM 1993: Nr 10 i storbakken på Odnes Ski-NM 1994: Sølvmedalje i normalbakken i Vegårshei, bronsemedalje i storbakken på Rena Ski-NM 1995: Gullmedalje i storbakken i Oslo Ski-NM 1997: Gullmedalje i storbakken på Lillehammer Ski-NM 1998: Nr 5 i storbakken i Meldal Ski-NM 1999: Bronsemedalje i storbakken på Rena Ski-NM 2000: Gullmedalje både i normalbakken på Vang og i storbakken i Meldal
Han la opp i 2001.
Trenar Ottesen var hopptrenar for det norske kombinertlandslaget 2001-04, og for skiforbundet i USA i perioden 2004-08.
Skal vi danse Hausten 2012 deltok Ottesen i Skal vi danse på TV 2.Dagbladet: Disse er klare for «Skal vi danse»
Kjelder
Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff Lasse Ottesen i fis-ski.com Lasse Ottesen i olympedia.org
Kategori:Norske skihopparar Kategori:Trenarar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Olympiske medaljevinnarar i skihopping Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1992 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1994 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1994 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1998 Kategori:Kongepokalvinnarar i skiidrett Kategori:Deltakarar under Ski-VM 1995 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 1997 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 1999 Kategori:Norske Skal vi danse-deltakarar Kategori:Folk frå Aurskog-Høland