Metallic Spheres er det tiande studioalbumet til ambienttechno-gruppa The Orb og kom ut i oktober 2010. Med seg har dei Pink Floyd-gitarist David Gilmour og Killing Joke-bassisten Youth. Albumet låg tre veker på den britiske albumlista og nådde 12. plassen.

Bakgrunn Tidleg i karrieren sin vart The Orb skulda (men aldri bevist) for å ha gjeve ut ei rekkje piratkopiplate med trance-miksar av Pink Floyd-album, og gruppa hadde mange andre Pink Floyd-referansar, mellom anna så vart Battersea Power Station nytta på fleire av plateomslaga deira. I 2009 spelte David Gilmour inn ein versjon av Graham Nashsingelen «Chicago» med hjelp av produsenten Youth, som stundom hadde vore medlem av The Orb heilt attende til tidleg på 90-talet. Dette var ein veldedig singel til støtte for hackeren Gary McKinnon, men det vart eit springbrett for vidare samarbeidd eit år seinare, etter at leiaren i Orb, Dr. Alex Paterson, vart involvert. Metallic Spheres vart resultatet.

Albumet strekkjer seg over 49 minuttar og er berre delt inn i to spor. Gilmour speler gitar, lap steel og stundom vokal (sampla frå «Chicago»).

Innhald Metallic Side (28:42) Metallic Spheres Hymns to the Sun Black Graham Hiding in Plain View Classified Spheres Side (20:12) Es Vedra Hymns to the Sun (Reprise) Olympic Chicago Dub Bold Knife Trophy Cult of Youth Ambient Mix (Parts 1 & 2) (Edit) (5:35) (bonusspor på iTunes)

Alle songar er skrivne av David Gilmour, Alex Paterson & Youth. «Hymns to the Sun» skriven av David Gilmour, Alex Paterson, Youth & Graham Nash. «Black Graham» skriven av David Gilmour, Alex Paterson, Youth & Marcia Mello. «Hiding in Plain View» skriven av David Gilmour, Alex Paterson, Youth & Tim Bran.

Medverkande David Gilmour - gitarar, vokal Alex Paterson - lydmanipulering, klaverinstrument, turntables Youth - bass, klaverinstrument, programmering Tim Bran - klaverinstrument, programmering Marcia Mello - akustisk gitar (på «Black Graham») Dominique Le Vac - korvokal

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Metallic Spheres» frå , den 7. mars 2011. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:The Orb-album Kategori:David Gilmour-album Kategori:Musikkalbum frå 2010 Kategori:Album produserte av Martin Glover