Sendai (japansk 仙台市, Sendai-shi) er hovudstaden i Miyagi prefektur i Japan og den største byen i regionen Tōhoku. Byen har ein million innbyggjarar og vart grunnlagt i 1600 av daimyo Date Masamune.

11. mars 2011 vart byen og omlandet hardt råka i eit stort undersjøisk jordskjelv og den etterfølgjande tsunamien.

Kjelder

Kategori:Byar i Japan