Brother Sun, Sister Moon er det 22. studioalbumet til den skotske visesongaren Donovan. Brother Sun, Sister Moon vart gjeven ut eksklusivt på iTunes Music Store i 2004.

Historie Tidleg i 1970-åra gjekk Donovan med på å skrive og spele inn songar for den engelske versjonen av Franco Zeffirelli sin Brother Sun, Sister Moon (1972). Fleire av innspelingane til Donovan var med i filmen, men det påfølgjande filmmusikkalbumet hadde ingen. Fråværet av desse songane gjorde at mange Donovan-tilhengjarar kravde ei offisiell utgjeving av songane.

Dononvan prøvde derfor å få rettane til dei originale innspelingane, men dette viste seg å vere særs vanskeleg. Donovan valde derfor å spele inn nye versjonar av dei originale songane og gje dei ut eksklusivt på iTunes Music Store.

For nyinnspelingane valde Donovan å ikkje gjenskape orkesteret og korvokalen på dei originale utgåvene. I staden for spelar han gitar og syng solo, på liknande vis som på Sutras.

Innhald

Bakgrunnsstoff Brother Sun Sister Moon - Donovan Unofficial Site

Kategori:Donovan-album Kategori:Musikkalbum frå 2004