Ecuador, offisielt Republikken Ecuador, er eit land ved ekvator, nordvest i Sør-Amerika. Landet grensar til Colombia og Peru og har kystline mot Stillehavet. Ecuador er eit av dei minste landa på dette kontinentet, det åttande største målt i flatevidd. Samanlikna med europeiske land er Ecuador litt mindre enn til dømes Italia. Folkesetnaden i landet er prega av etnisk mangfald med ca. 65 % mestisar og ca. 25 % urfolk.CIA faktabok Urfolket er ei samling av mange ulike grupper av indianarfolk kor majoriteten snakkar ulike dialektar quechua. Spansk er offisielt språk i landet. Økonomien i landet er påverka av fluktuasjonar i råoljepris. På siste halvdelen av 1990-talet var landet prega av politiske og økonomiske kriser. Etter at inflasjonen nådde 60 % i 1999 innførte styresmakta amerikanske dollar som offisiell valuta frå mars 2000. Frå då av blei også økonomien stabilisert. Geografisk og klimatisk er landet tredelt i ei varm kystsone, eit mildt høgland og ein våt og varm regnskog. Petroleum, fisk, tømmer og vasskraft er viktige naturressursar.
Geografi mini|venstre|Kratersjøen Quilotoa
Landet ligg på vestkysten av Sør-Amerika, under ekvator som òg forklarer namnet åt landet. Ein deler landet grovt inn i tre soner: høglandet Andes, la Sierra deler landet på langs, i vest har ein kystområdet, la Costa og i aust det lågtliggande området dekt av regnskogen i Amazonas, el Oriente. Galápagosøyane er ein del av Ecuador. Kystområdet er fruktbart om enn varmt av di det ligg lågt. I sør finn ein hamnebyen Guayaquil ved utlaupet av Rio Guayas. Høglandet strekkjer seg midt gjennom landet frå nord til sør kring 2500 moh. og har ein moderat temperatur. I høglandet finn ein provinshovudstadane Quito, Ambato og Cuenca. Mange av fjella her er delvis aktive vulkanar som når til 5 000–6 000 moh. Blant desse er Chimborazo på 6310 moh. det høgste fjellet i Ecuador. I høglandet ligg det fleire kratersjøar, for eksempel Quilotoa, 35 km vest for Latacunga. El Oriente, (austen) det ecuadorianske namnet på amazonasområdet, ligg lågt, her er fuktig og varmt, alle elvane her drenerer til Amazonaselva. Dei viktigaste elvene er Napo, Coca, Pastaza, Putumayo og Aguarico. Ei fjerde sone Galapagosøyane, ligg ca. 1000 km ut i Stillehavet, er kjent for plante- og dyreliv med mange endemiske artar.
Politisk inndeling mini|Provinsane i Ecuador. mini|Kart over Ecuador med markering av dei største byane. Landegrenser: totalt 2010 km, av dette 590 km mot Colombia og 1420 km mot Peru. Kystlina er 2237 km.
Ecuador er delt inn i 22 provinsar (provincias):
La Sierra Carchi (Tulcán) Imbabura (Ibarra) Pichincha (Quito) Santo Domingo de los Tsáchilas (Santo Domingo de los Colorados) Cotopaxi (Latacunga) Tungurahua (Ambato) Bolívar (Guaranda) Chimborazo (Riobamba) Cañar (Azogues) Azuay (Cuenca) Loja (Loja)
Galápagosøyane (Puerto Baquerizo Moreno)La Costa Esmeraldas (Esmeraldas) Manabí (Portoviejo) Santa Elena (Santa Elena) Guayas (Guayaquil) Los Rios (Babahoyo) El Oro (Machala) El Oriente Sucumbíos (Nueva Loja) Orellana (Puerto Francisco de Orellana) Napo (Tena) Pastaza (Puyo) Morona-Santiago (Macas) Zamora-Chinchipe (Zamora)
Areal totalt: 283 560 km² inklusive Galápagosøyane landareal: 276 840 km² av dette er 5560 km² (1994) dyrka land. vatnareal: 6 720 km²
Fordeling av arealet er: dyrkbart land: 6% korn og anna nyttevekstar: 5% grasland: 18% skog: 56% anna areal: 15% (1993)
Byar Hovudstaden: Quito (folkesetnad på 1,8 millionar i 2004) Andre byar, tal frå Lonely Planet si bok frå 2001: Guayaquil (3.0 millionar) Cuenca (0.28 millionar) Ambato (0.18 millionar) Portoviejo (0.18 millionar) Machala (0.22 millionar) Loja (0.13 millionar)
Region: La Costa Kystområdet er ei opp mot 100 kilometer brei lågtliggande stripe av landet avgrensa av Stillehavet i vest og foten av Andesfjella i aust. Opphavleg var landet her skogkledd også med mangroveskog, men no har jordbruk tatt over med bananplantasjar, kakao- og kaffifarmar. Mangroveskogen er i stor grad fjerna for å gje plass til oppdrettsanlegg for reker, ofte i illegal verksemd. Langs kysten finst fine strender, men òg viktige hamner. Hamna i Balao i Esmeraldasprovinsen er eksporthamn av råolja som er frakta i røyrer frå nordre del av Oriente. Kysten har regntid frå desember til mai. I motsetnad til Peru har ikkje Ecuador ørken i kystområdet.
Region: La Sierra mini|Chimborazo sett frå nordvest.
Høglandet er eit belte gjennom det sentrale Ecuador frå nord til sør og reknast som ein del av Andesfjella. Fleire av områda er avskoga for jordbruksføremål, andre område ligg i ei sone som er kjenneteikna av tåkeskog. Lengst nord i Ecuador er Andes to parallelle fjellkjeder (spansk cordilleras) som strekkjer seg i ei S-form mot sør. Dei vert kalla vestre og austre cordilleras. Lengst sør er dei ikkje distinkte. Fjellkjeda blei danna tidleg i kenozoikum, nyare geologisk æra, då Nazcaplata blei subdusert under Sør-Amerika-plata og fjellområda reiste seg.
Fjell og vulkanar Ecuador har 20 vulkanar på fastlandet og 10 på Galápagosøyane. Fem av desse er nord for ekvator, også med Cayambe som den høgste vulkanen på den nordlege halvkule. 8 vulkanar i Ecuador er over 5000 meter, med Chimborazo på 6310 moh. som den høgste. Han kjem likevel berre på plass nummer tjue på lista over høgste vulkanar i Sør-Amerika. Det er utvikla turisme basert på fotturar og klatreturar på vulkanar. Cotopaxi er lett tilgjengeleg frå Quito og kan vere vulkanen med flest oppstigingar. Namn på vulkanenGeodetiske koordinatarHøgd over havet (moh.)Utbrot eller gassutsleppCayambe 0.029 N, 77.986 W 5790aktivReventador 0.07 S, 77.65 W 35622005Guagua Pichincha 0.171 S, 78.598 W 47842004Antisana 0.48 S, 78.14 W 57531802Illiniza Sur0.659 S, 78.714 W 5248kviletilstandCotopaxi 0.667 S, 78.43 W 59111904Chimborazo 1.467 S, 78.8 W6310utdøyddTungurahua 1.467 S, 78.442 W 50162006Altar 1.67 S, 78.42 W 53192000Sangay 2.03 S, 78.34 W 52302005 Liste over dei 8 høgste vulkanar i Ecuador over 5000 moh. pluss 2 kjende aktive ordna frå nord til sør. Der finst òg to andre toppar over 5000 moh. som er systertoppar til Illiniza Sur og Chimborazo.
Region: El Oriente Geografisk samsvarar regionen Oriente med dei seks austlegaste provinsane i landet. Dette er mest av alt tropisk regnskog og ein del av regnskogen i Amazonas. Vest for Oriente ligg Andesfjella eller regionen Sierra. Oriente er lågtliggande, det meste av arealet ligg mellom 200 og 800 moh., mens vestre del av Pastazaprovinsen ligg og noko høgare med provinshovudstaden Puyo på nesten 1000 moh. og i grenseområda mot Andes stig høgda raskt. Klimaet er mykje varmt og fuktig. Det er mindre variasjonar over årstida, perioden frå april til juni kan vere våtast, men her er òg lokale variasjonar. Ein finn to store nasjonalparkar i Oriente, Cuyabeno og Yasuni. Den sistnemnde ligg lengst aust i Pastazaprovinsen og Orellanaprovinsen mot Peru. Petroleumsverksemda i Ecuador går føre seg i Oriente og skaper naturleg nok konfliktar med folkegrupper som ikkje kan greie seg utan dei sårbare økologiske system i regionen. I 1998 underteikna presidentane i Ecuador og Peru ei endeleg fredsavtale som gjorde slutt på ein nær 200 år gamal grensekonflikt mellom dei to landa i Oriente.
Notar geografi Toppen av Chimborazo er det høgastliggande punkt i verda om ein måler frå jordsenteret. Stadige jordskjelv, jordras, vulkansk aktivitet, periodiske flaumar er ei belasting for kommunikasjon og økonomi. El Niño gjer stor skade for fiskeri og anna verksemd i kystområdet.
Klima Dei nordlegaste kystområda får godt over 1000 mm nedbør i året. Lenger sørover på kysten kjem det derimot mykje mindre, og Manta får mindre enn 300 mm, men det kjem ein del meir innanfor kysten. Kystområda rundt Guayaquilbukta får derimot ein del meir nedbør og fukt enn dei andre sørlege kystområda. Her har ein regnbyger om lag kvar dag frå januar til mars, men veldig lite mellom juni og november. El Niño kan derimot føre til store nedbørsmengder over heile landet, og i 1982-83 fekk Guayaquilområdet meir enn det dobbelte av dei normal årsmengdene. Høglandet i dei nordlegaste Andesfjella er kjølig om natta og forholdsvis mild om dagen, og ein har ofte ettermiddagsbyger her frå september til mai. Dei austlege områda av Andesfjella og kjeldene til Amazonas er derimot våte året rundt, men dei største mengdene kjem i juli og august, då resten av Ecuador er på sitt tørraste.
Historie
Dei eldste buplassar i landet er funne nær Quito og er rekna å vere ca. 10 000 år. På kysten har ein funne spor av kulturell aktivitet med spesialisert produksjon og arbeidsdeling som er ca. 5500 år gamle og kan vere det eldste funn av slik aktivitet i heile Sør-Amerika.
Den første statsdanninga i området kom ein gong på 1300-talet i Quito. Ein av dei nyare kraftfulle kulturar voks opp på høglandet var cañarikulturen, kulturen kom fram mot starten av 1400-talet.
Ecuador er rekna som ein del av inkariket då riket hadde si største utbreiing. Men berre Sierra-regionen var fullt integrert og det kom stadige oppblømingar av opprør fram til spanjolane tok makta. Inkaene si erobring av Ecuador starta ca. år 1455, var brutal og tok om lag 50 år. Cañarifolket var dei sterkaste opponentane til inkaene. Inkastaten tok med seg språket quechua, nye dyrkingsmetodar, lama pakkdyr, vegbygging og anna. Ingapirca er det viktigaste byggingsmonument i Ecuador frå inkatida.
Etter at spanske conquistadorar hadde erobra sørlege del av inkariket sette det inn eit spanske erobringstokt mot Ecuador frå sør med assistanse frå styrkar frå cañari og Quito fell i 1534. Området kom inn under visekongedømmet Peru. På 1600-talet opplevde økonomien i landet framgang med bruk av innfødde som arbeidskraft i tekstilindustrien.
I 1822 vart Ecuador frigjort frå Spania og kom inn i ein føderasjon kalla Gran Colombia som berre varte til 1830. Frå då av hadde Ecuador sjølvstende, men den sameinte nasjonen var enda ikkje bygd.
Det frie Ecuador har vore prega av vald og ustabilitet. I hovudsak har ein observert ei polarisering mellom eit liberalt forretningsorientert Guayaquil og ein konservativ elite av kreolar i Quito. Rundt første hundreårsskifte kom ei liberalistisk rørsle over landet med revolusjonære omveltingar. Om litt vart kyrkje og stat skilt frå kvarandre, det vart innført ytringsfridom og religionsfridom, monopol som bruk av indiansk arbeidskraft vart broten.
I 1941 okkuperte Peru store delar av Oriente, Ecuador måtte gje frå seg ca. 137 tusen kvadratkilometer for ei fredsslutting, men striden vart ikkje løyst før ein endeleg fredsavtale kom i stand i 1998.
Frå 1948 kom ei oppgangstid med bananboomen. Han førte med seg større grad av stabilitet fram til ca. 1960. Frå 1979 har ein hatt demokratisk vald leiarskap i landet, resultat har vore omveltingar i politikk og byråkrati, og ingen større grad av stabilitet. Vekst i oljeinntekter på starten av 1970-talet førte med seg store opptak av utanlandske lån og ei gjeldskrise på 1980-talet.
Den siste valde presidenten Lucio Gutiérrez vart tvungen til å trekkje seg og gjekk i eksil i april 2005. I oktober kom han tilbake til Ecuador kor han straks blei arrestert. Alfredo Palacio var visepresident under Gutiérrez og sat i presidentembetet fram til valet i oktober og november 2006. Den 26. november sigra Rafael Correa over Alvaro Noboa med 56,8 % av røystene, og Correa er no president i Ecuador.
Folkesetnad Den ecuadorianske folkesetnaden representerer eit pluralistisk samfunn, men det er ikkje mogleg å fastsetje sikre tal for prosentvis fordeling mellom hovudgrupper av etnisitet i landet. Grunnen er mest av alt flytande grensedragning mellom grupper med opphav frå indianarar og frå mestisar, sistnemnde ei blanding av amerikanske urfolk og kreolar. Det igjen kan forklarast ut frå at grensene er meir basert på sosiale forhold enn rase. CIA faktabok oppgjev fordelingstala ca. 65 % mestisar og ca. 25 % urfolk medan PAHO