«Driftin' Blues» eller «Drifting Blues» er ein bluesstandard gjort i vestkyst-bluesstil.Herzhaft 1992, s. 445. Han vart skriven og først spelt inn av Johnny Moore's Three Blazers og vart ein av dei største blueshittane i 1940-åra.Hannusch 1992, s. 3-4. I løpet av åra har songen vorte tolka og spelt inn . Den originale «Driftin' Blues» er anerkjend av Blues Hall of Fame og Rock and Roll Hall of Fame.

Originalen Johnny Moore's Three Blazers spelte inn «Driftin' Blues» i 1945. Gruppa, stundom kjend som ein «klubb-blues»Cogdell Dje Dje 1998, s. 225. combo, bestod av Charles Brown (vokal og piano), Johnny Moore (gitar), Eddie Williams (bass) og Johnny Otis (trommer). Songen vart utvikla under dei mange konsertane deira på klubbane i Los Angeles og er tilskriven Brown, Moore og Williams. Songen er ein langsam 12-taktsblues, med Brown på vokal og piano. Brown kommenterte at «det var den første songen er skreiv ned og prøvde å synge». Framføringa deira av songen vart godt teken i mot go førte til platekontrakt med Philo (seinare Aladdin) Records. «Driftin' Blues» vart ein hit go låt 23 veker på Billboard R&B chart.Whitburn 1988, s. 299. Songen nådde andreplass og stod att som ein av den mestseljande svarte platene i 1945 og 1946.

Andre versjonar Sidan songen var populær, tok andre artistar snart til å spele inn songen. Somme følgde originalen, medan andre tolka han forskjellig. Så tidleg som i 1946 spelte ein ung Ray Charles songen regelmessig. Som han kommenterte: «Charles Brown hadde stor innverknad på meg i den tidlege delen av karrieren min, særleg då eg sleit nede i Florida. Eg tenkte mang ein dollar med å imitere han på 'Drifting Blues'. Det var litt av ein song.».Charles 2003 I 1950 spelte Lightnin' Hopkins ein heilt annan versjon av songen, berre med seg sjølv på sforsterka gitar. John Lee Hooker gjorde ein liknande versjon i 1961. Billy Eckstine spelte inn songen i 1959 for albumet Basie/Eckstine Incorporated. Chuck Berry spelte inn sin versjon av songen i 1960 for albumet Rockin' at the Hops.

«Driftin' Blues» gjekk igjen inn på listene i 1968 då Bobby «Blue» Bland spelte han inn. Versjonen hans nådde 23. plass og låg elleve veker på R&B-lista.Whitburn 1988, s. 26. Bland-utgåva nådde òg 96. plass på poplista. På Monterey Pop Festival i 1967 spelte Paul Butterfield Blues Band (med full blåseseksjon) ein ni minuttar lang versjon av songen. Ei anna konsertutgåve, med ein lang gitarsolo, vart spelt inn av Albert King i Fillmore Auditorium i 1968. I 1969 spelte Charles Brown ein oppdatert versjon av «Driftin' Blues».Danchin 2001, s. 298. Eric Clapton gjorde fleire versjonar av songen, mellom anna for konsertalbumet E. C. Was Here i 1975 og som ein akustisk song (som «Driftin'») for From the Cradle i 1994.

Lovord Songen vart innlemma i Blues Hall of Fame i 1989 i kategorien «Classics of Blues Recordings» og vart med på lista til Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma Rock and Roll".

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Driftin' Blues» frå , den 14. mars 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1945 Kategori:Charles Brown-songar Kategori:Singlar frå 1968 Kategori:Ray Charles-songar Kategori:John Lee Hooker-songar Kategori:Albert King-songar Kategori:Eric Clapton-songar Kategori:Bluessongar Kategori:Bobby Bland-songar Kategori:Little Willie Littlefield-songar Kategori:Chuck Berry-songar Kategori:Sam Cooke-songar Kategori:Bukka White-songar Kategori:B.B. King-songar Kategori:Pete Townshend-songar Kategori:Ike & Tina Turner-songar Kategori:Bjørn Berge-songar Kategori:Steve Miller Band-songar Kategori:John Mayall-songar Kategori:Paul Butterfield-songar Kategori:Canned Heat-songar