«Love Me to Times» er ein song av The Doors. Han var skriven av bandet og kom først ut i 1967 på albumet Strange Days. Songen vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet (etter «People Are Strange») og nådde 25. plass på lista i USA.[ allmusic ((( The Doors > Charts & Awards > Billboard Singles )))]
Ray Manzarek spelte den endelege versjonen av songen på ein clavinet (ei moderne utgåve av klavikord), ikkje ein cembalo.
«Love Me Two Times» vart rekna som litt for vågal for kunne spelast på radio då han kom ut.
Teksten var skriven av gitarist Robby Krieger. I følgje bandmedlemmane omhandlar songen ein soldat eller sjømann den siste dagen med kjærasten før han fer ut.
Medverkande Jim Morrison – solovokal Robby Krieger – elektrisk gitar Ray Manzarek – cembalo John Densmore – trommer Douglass Lubahn - bassgitar
Konsertversjonar I 1968 drog the Doors på Europaturne og gjorde konsertopptak av songen. Opptaket hamna på samleplata Alive, She Cried i 1983. Denne versjonen hadde ein annan keyboardsolo mellom versa som var langt mindre komplisert enn den første innspelinga. Han hadde òg fleire orgeleffektar enn originalen. I 1972 spelte the Doors songen på konsertar etter at Jim Morrison var død. Som ein trio var det Ray Manzarek som song solovokal (i tillegg til å spele orgel og pianobass).
Andre versjonar «Love Me Two Times» vart spelt inn av Aerosmith for filmmusikken til Air America i 1990, og vart òg spelt av bandet på MTV Unplugged-konserten deira, der songaren Steven Tyler tileigna songen til Jim Morrison.Aerosmith on MTV Unplugged Versjonen deira frå 1990 nådde 27. plass på den amerikanske Mainstream Rock Tracks-lista. Songen vart òg gjeven ut på samlealbumet deira Young Lust: The Aerosmith Anthology. Pianist George Winston spelte songen på albumet Night Divides the Day - The Music of the Doors. Joan Jett spelte inn songen og gav han ut på samlealbumet The Hit List.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Love Me Two Times» frå , den 17. mars 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Singlar frå 1967 Kategori:The Doors-songar Kategori:Songar skrivne av John Densmore Kategori:Songar skrivne av Robby Krieger Kategori:Songar skrivne av Ray Manzarek Kategori:Songar skrivne av Jim Morrison Kategori:Songar produserte av Paul Rothchild Kategori:Songar frå 1967 Kategori:Elektra Records-singlar Kategori:Aerosmith-songar Kategori:Long John Baldry-songar Kategori:Joan Jett-songar Kategori:John Cale-songar