Arne Hoel () var ein norsk skihoppar, fødd i Skoger i Buskerud. Han vert særleg hugsa for sin tre sigrar i Holmenkollen, i høvesvis 1948, 1951 og 1959. Noregsmeister vart han ein gong, i 1956. Fem år tidlegare vann han NM-sølv. Hoel representerte både Ski- og fotballklubben Lyn og Idrettslaget Varg i Oslo. Han døydde i Oslo.

Hoel vart nummer seks under vinter-OL 1952 i Oslo, og nummer 11 i vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo. Han kom han på 13. plass under verdsmeisterskapen 1958 i Lahti.

Hoel slo gjennom då han vann hopprennet i Svenska skidspelen i 1947. I 1954 vart hopprennet i Holmenkollen avlyst, Hoel vann ei tevling i Holmenkollbakken seinare i sesongen, eit renn som ikkje vert rekna som eit Holmenkollrenn. To år etter vart han nummer to i Holmenkollrennet, bak den ferske olympiameisteren, Antti Hyvärinen.

Etter jamn, god hopping i den tysk-austerrikske hoppveka 1958/59 enda Hoel samanlagt på tredjeplassen, bak Helmut Recknagel frå DDR og austerrikaren Walter Habersatter.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1947: Siger i Svenska skidspelen 1948: Siger i Hollmenkollrennet 1951: Siger i Hollmenkollrennet, nr 2 i Svenska skidspelen i Sundsvall 1952: Nr 6 under OL i Holmenkollen. Nr 3 i Holmenkollrennet 1955: Nr 15 i Holmenkollen 1956: Nr 2 i Hollmenkollen. Nr 11 i OL i Cortina d'Ampezzo 1957: Nr 9 i Holmenkollen 1958: Nr 5 i Holmenkollen. Nr 13 under VM i Lahti 1959: Siger i Hollmenkollen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1950: Nr 6 i NM i Skuibakken i Bærum Ski-NM 1951: Sølvmedalje i Narvik Ski-NM 1952: Nr 5 i Porsgrunn Ski-NM 1956: Gullmedalje i Drammen Ski-NM 1958: Nr 5 i Oslo Ski-NM 1959: Nr 5 på Gjøvik

I 1956 vart Hoel tildelt Holmenkollmedaljen for sine bragder i Holmenkollen.

Bakgrunnsstoff

Skiforeningens prisvinnerliste over Holmenkollmedaljen i PDF-format

Kategori:Norske skihopparar Kategori:Noregsmeistrar i skihopping Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1952 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1952 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1956 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1956 Kategori:Folk frå Drammen