«The Lemon Song» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin, frå albumet deira Led Zeppelin II i 1969. Han vart innspelt i Mystic Studios i Hollywood då bandet var ute på den andre nordamerikanske turneen sin.
«The Lemon Song» inneheld mange seksuelle antydingar, og er ein av Led Zeppelin sine mest blues-aktige songar. Han vart spelt inn meir eller mindre live i studio, og det vart ikkje nytta elektroniske effektar for å skape ekko på vokalen til Robert Plant, berre akustikken frå studioet.Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9
Eit anna aspekt ved songen er den funky og kompliserte bassgangen til John Paul Jones. Under intervju sidan har han sagt at han improviserte gjennom heile songen.
«The Lemon Song» vart framført på dei tre første turneane til bandet (på den første turneen som «Killing Floor»), før dei droppa han frå setlista si seint i 1969. «Squeeze my lemon»-partiet vart derimot nytta som ein del av ein medley i «Whole Lotta Love» og andre stader.
Songen låner frå Howlin' Wolf sin «Killing Floor», som var ein song Led Zeppelin ofte spelte under den første turneen sin i USA. For dei neste turneane hadde songen utvikla seg til «The Lemon Song» der Plant ofte improviserte teksten på scenen.
Andre tekstar, som «squeeze (my lemon) 'til the juice runs down my leg», kan sporast attende til Robert Johnson sin «Travelling Riverside Blues». Truleg lånte Johnson denne tekstlinja sjølv frå ein song spelt inn same år (1937) kalla «She Squeezed My Lemon» (av Arthur McKay). Australian Broadcasting Corporation - Triple J Music Specials - Led Zeppelin (first broadcast 2000-07-12) Songen låner òg frå Albert King sin «Cross-Cut Saw».
I desember 1972 saksøkte Arc Music, eigaren av opphavsretten til songane til Howlin' Wolf, Led Zeppelin for brot på opphavsretten med «The Lemon Song».Segrest, James, and Mark Hoffman. Moanin' at Midnight: The Life and Times of Howlin' Wolf. Thunder's Mouth Press, 2005. s. 235. Partane vart samde i retten, men beløpet vart aldri kjend. Wolf fekk ein sjekk på $45 123 frå Arc Music like etter søksmålet.Segrest, James, and Mark Hoffman. Moanin' at Midnight: The Life and Times of Howlin' Wolf. Thunder's Mouth Press, 2005. s. 299.
Jimmy Page spelte songen på turne med The Black Crowes i 1999, og ein versjon av dette finst på albumet Live at the Greek.
Medverkande Robert Plant - vokal Jimmy Page - gitarar John Paul Jones - bassgitar John Bonham - trommer
Andre versjonar 1993: DMZ (Feel the Power! [live 1984]) 2000: Jimmy Page & The Black Crowes (Live at the Greek) 2000: Dread Zeppelin (De-jah Voodoo) 2006: Zepparella (Girls Got Rhythm!) 2006: Bill Roberts (Raw Material) 2006: Studio 99 (Led Zeppelin: A Tribute) 2007: Dread Zeppelin (Many Faces of Led Zeppelin)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Lemon Song» frå , den 22. mars 2011. oppgav desse kjeldene: Lewis, Dave (2004) The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, ISBN 0-7119-3528-9 Welch, Chris (1998) Led Zeppelin: Dazed and Confused: The Stories Behind Every Song, ISBN 1-56025-818-7
Kategori:Songar frå 1969 Kategori:Led Zeppelin-songar Kategori:Jimmy Page-songar Kategori:John Paul Jones-songar Kategori:John Bonham-songar Kategori:Robert Plant-songar