«Custard Pie» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin frå albumet Physical Graffiti, frå 1975. Teksten til den riff-tunge songen hyllar bluesongar frå Robert Johnson-tida, særleg «Drop Down Mama» av Sleepy John Estes, «Shake 'Em On Down» av Bukka White og «I Want Some Of Your Pie» av Blind Boy Fuller.Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.

Songteksten kan stundom vere noko vanskeleg å forstå, men som mange andre songar på albumet er dei full av seksuelle referansar. I dette tilfellet refererer «Custard Pie» (krempai) til det kvinnelege kjønnsorganet og songen inneheld òg mange referansar til oralsex: Your custard pie, yeah, sweet and nice / When you cut it mama, save me a slice og chewin' a piece of your custard pie.

«Custard Pie» inneheld ein wah-wah-solo av gitarist Jimmy Page, som vart spela gjennom ein ARP-synthesizer. John Paul Jones spelar òg elektrisk clavinet på songen medan vokalist Robert Plant spelar munnspel.

Songen vart aldri spela på konsertane til Led Zeppelin bortsett frå delar av songen under det akustiske settet på konserten i Houston i 1977.

Page spela songen på hans Outrider-turne, medan Page and Plant spela heile songen nokre gonger i 1996 under turneen deira for No Quarter: Jimmy Page and Robert Plant Unledded. I 1999 spela Page igjen songen, denne gongen med The Black Crowes, og ein versjon av dette finst på albumet Live at the Greek.

Songen vart gjeven ut på singel i Thailand med «Boogie with Stu» og «Trampled Under Foot» som B-sider.

Medverkande Robert Plant - vokal, munnspel Jimmy Page - gitarar John Paul Jones - bassgitar, clavinet John Bonham - trommer

Andre versjonar 1995: Helmet med David Yow (Encomium: A Tribute to Led Zeppelin) 1998: L.A. Guns (Hollywood Rehearsal) 1999: Eric Gales (Whole Lotta Blues: Songs of Led Zeppelin) 2000: Jimmy Page & The Black Crowes (Live at the Greek) 2002: Derek Trucks, Eric Gales, & Matt Tutor (All Blues'd Up: This Ain't No Tribute to Rock & Roll's Finest) 2005: Hampton String Quartet (Take No Prisoners!) 2006: Greg Reeves & Erica Stock (Dub Tribute to Led Zeppelin) 2007: Frankie Banali & Friends (24/7/365: The Tribute to Led Zeppelin) 2007: Zepparella (Pleasing Pounding)

Samplingar 1986: Beastie Boys («Time to Get Ill») 1988: Robert Plant («Tall Cool One»)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Custard Pie» frå , den 26. mars 2011. oppgav desse kjeldene: Lewis, Dave (2004) The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, ISBN 0-7119-3528-9 Welch, Chris (1998) Led Zeppelin: Dazed and Confused: The Stories Behind Every Song, ISBN 1-56025-818-7

Kategori:Songar frå 1975 Kategori:Led Zeppelin-songar Kategori:Songar skrivne av Jimmy Page Kategori:Songar skrivne av Robert Plant Kategori:Songar produserte av Jimmy Page