«Black Country Woman» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin frå albumet Physical Graffiti, frå 1975. Han vart opphavleg spelt inn under innspelinga av Houses of the Holy, to år tidlegare.

«Black Country Woman» var ein akustisk song som vart spelt inn i hagen til Mick Jagger i Stargroves, i 1972 (omkring samstundes som «D'yer Mak'er»).Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9. I byrjinga av songen kan ein høyre lydteknikar Eddie Kramer som seier «Shall we roll it Jimmy?» (Skal me starte, Jimmy?) etterfølgd av «Don't want to get this airplane on» (vil ikkje ha med det flyet) om eit fly som ein kan høyre i bakgrunnen, før Robert Plant svarar «Nah, leave it, yeah» (nei, la det vere).

Innspelinga utandørs viste seg å vere vanskeleg. Ein gong i Headley Grange då Plant prøvde å gå ut for å synge ein song, vart han angripen av ein flokk sinte gjæser.

Opphavleg heitte songen «Never Ending Doubting Woman Blues». Black Country er eit område nær Birmingham der Robert Plant voks opp.

«Black Country Woman» vart berre spelt på nokre få konsertar med Led Zeppelin då han vart blanda inn ein medley med «Bron-Yr-Aur Stomp» i USA i 1977. Med dette arrangementet spelte John Paul Jones kontrabass. Songen vart spelt i sin heilskap ein gong, i Seattle i juni 1972. Songen vart spelt av Robert Plant og Alison Krauss under turneen deira etter Raising Sand.

Medverkande Robert Plant - vokal, munnspel Jimmy Page - gitarar John Paul Jones - bassgitar, mandolin John Bonham - trommer

Andre versjonar 2006: Christie Winn and the Lowdowns (Further Away from Here) 2007: Letz Zep (Letz Zep II: Live in London) 2008: Robert Plant and Alison Krauss

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Black Country Woman» frå , den 26. mars 2011. oppgav desse kjeldene: Lewis, Dave (2004) The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, ISBN 0-7119-3528-9 Welch, Chris (1998) Led Zeppelin: Dazed and Confused: The Stories Behind Every Song, ISBN 1-56025-818-7

Kategori:Songar frå 1975 Kategori:Led Zeppelin-songar Kategori:Songar skrivne av Jimmy Page Kategori:Songar skrivne av Robert Plant Kategori:Songar produserte av Jimmy Page