In Through the Out Door er det åttande studioalbumet til det engelske rockebandet Led Zeppelin. Det vart spelt inn i løpet av tre veker i november og desember 1978 i ABBA sitt Polar Studios i Stockholm, og gjeven ut på Swan Song Records den 15. august 1979. In Through the Out Door var det sjette og siste albumet deira som nådde toppen av albumlista i USA, og det siste som kom ut før trommeslagaren John Bonham døydde i 1980.

Bakgrunn

Albumet vart namngjeven av gruppa for å skildre den tunge tida til Robert Plant etter at sonen Karac døydde i 1977, og skatteeksilen som bandet hadde frå Storbritannia. Dette gjorde at bandet ikkje kunne spele i heimlandet i to år, og dei prøvde derfor å komme inn att hos publikum gjennom «ytterdøra».Dave Lewis (2003), Led Zeppelin: Celebration II: The 'Tight But Loose' Files, London: Omnibus Press. ISBN 1-84449-056-4, s. 49, 63, 80.

I motsetnad til tidlegare Led Zeppelin-album har bassist og klaverspelar John Paul Jones og vokalist Robert Plant lang meir innverknad på In Through the Out Door, medan trommeslagar John Bonham og gitarist Jimmy Page medverka mindre. To songar frå albumet, «South Bound Saurez» og «All My Love», var dei einaste to originale Led Zeppelin-songane som Jimmy Page ikkje var med å skrive. Årsaka til dette var at Page og Bonham ikkje alltid møtte opp i studio, Bonham på grunn av aukande alkoholproblem og Page kjempa med heroinmisbruk.Aizelwood, John, "Closing Time", Q Magazine Special Led Zeppelin edition, 2003, s. 94. Som Jones sa, «det var to fråskild leirar den gongen, og meg og Plant var i den relativt reine leiren.»

Mange av songane vart sett saman av Plant og Jones på dagtid, medan Page og Bonham la til sine delar på natta.Snow, Mat, “The Secret Life of a Superstar”, Mojo, desember 2007.

Etter innspelinga i Polar Studios vart albumet miksa heime hos Page i Plumpton. «Wearing and Tearing», «Ozone Baby» og «Darlene» vart alle spelte inn under innspelinga for dette albumet, men det var ikkje plass til dei. Dei kom seinare ut på Coda.

Plateomslaget

Det originale albumet vart gjeve ut med eit uvanleg påfunn. Det kom pakka inn i noko som likna ein brun papirpose, og det indre omslaget bestod av eit svartkvittbilete som vart permanent farga om ein vaska det med vatn. Det var òg seks forskjellige omslag med forskjellige bilete. Papirposen utapå gjorde det umogeleg for kjøparen å sjå kva utgåve han fekk. Bileta synte alle same scene frå ein bar, men teken frå forskjellige synspunkt.

Albumet vart utforma av Hipgnosis og dei vart nominerte for ein Grammy Award i kategorien beste plateomslag.

Utgjeving og mottaking

Albumet var meint å kome ut før dei to konsertane til bandet på Knebworth-festivalen i 1979, men forseinkingar i produksjonen gjorde at det måtte utsetjast til like etter konsertane.

Trass i dårlege meldingar,Chris Welch (1994) Led Zeppelin, London: Orion Books. ISBN 0-85797-930-3, s. 89-90. gjekk albumet til førsteplassen på lista i USA. Då det kom ut gjekk heile katalogen til Led Zeppelin inn på lista samstundes. Albumet vart liggande på førsteplassen i sju veker og hadde seld tre millionar eksemplar mot slutten av september 1979. Det vart altså det Led Zeppelin-albumet som låg lengst på toppen (i lag med Led Zeppelin II). Så langt har albumet seld seks millionar eksemplar berre i USA.

Etter det kom ut har både Plant, Page og Bonham uttrykk motvilje mot albumet. I 1990 sa Plant:

In Through The Out Door var ikkje det beste albumet i verda, men me prøvde i det minste å variere frå det me gjorde, for integriteten vår si skuld. Av alle platene våre er det interesant, men noko sterilt, for me hadde ikkje vore i bråket og kaoset på lang tid. I 1977 då eg mista guten min, så ønskte eg ikkje og svinge meg på scenen - 'Hey hey mama say the way you move' var ikkje så viktig lenger. In Through The Out Door er meir pliktoppfyllande og mindre animalsk.Mat Snow, “Apocalypse Then”, Q, desember 1990, s. 82.

Page sa noko liknande til Guitar World i 1998, Page sa at han og Bonham:

... begge følte at In Through the Out Door var litt soft. Eg likte ikkje særleg «All My Love». Eg var litt uroleg for refrenget. Eg såg for meg folk veiva armane sine og alt det. Og eg tenkte, det er ikkje oss. Det er ikkje oss. På rett stad er det ein fin song, men det var ikkje retninga eg ønskte å følgje i framtida.Brad Tolinski and Greg Di Bendetto, "Light and Shade", Guitar World, januar 1998.

Fleire år seinare sa Page at «me ønskte, etter In Through the Out Door, å gjere noko hardtslåande og riffbasert igjen, men me kom sjølvsagt ikkje så langt at me fekk lagd det albumet.»Charles Shaar Murray, “The Guv’nors'”, Mojo, august 2004, s. 75.

In Through the Out Door var det siste Led Zeppelin-albumet medan bandet framleis eksiserte. Trommeslagar John Bonham døydde året etter den 25. september 1980.

Lovord PublikasjonLandLovordÅrRangeringAmerican Music AwardUSAFavorite Pop/Rock Album1980Nominert

Innhald

Albumlister Liste (1979)Topplassering Den japanske albumlista2 Den svenske albumlista17 Den britiske albumlista1 US Cash Box Top 100 Albums1 US Record World Album1 US Billboard 2001 Den norske albumlista14 Den austerrikske albumlista20 Kanadiske RPM albumlista1 New Zealand Top 501 Australske Kent Music Report3 Den tyske albumlista28 Den spanske albumlista5 Den franske albumlista7

Salstrofé

Medverkande Led Zeppelin Jimmy Page – akustisk og elektrisk gitar Robert Plant – solovokal John Paul Jones – bassgitar, klaverinstrument John Bonham – trommer

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «In Through the Out Door» frå , den 26. mars 2011. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff In Through the Out Door revisited

Kategori:Musikkalbum frå 1979 Kategori:Album produserte av Jimmy Page Kategori:Plateomslag av Hipgnosis Kategori:Led Zeppelin-album Kategori:Swan Song Records-album Kategori:Album spelte inn i Polar Studios