Gustav Julius Flor () var ein norsk embetsmann og stortingsmann, fødd i Nesset i Romsdal.

Flor var son til ein offiser. Sjølv vart han student i 1867 og cand. jur. i 1871. Frå 1871 var han i tre år fullmektig hos sorenskrivaren i Tana, deretter sorenskrivar og fut i Tana fram til 1888. 1888-94 var han konstituert fut i Fosen, medan han 1894-1903 var sorenskrivar i nordre Østerdalen.

Flor møtte på Stortinget i perioden 1880-82 som 1. varamann for den valde representanten frå Finnmark, avdøde Christian Andreassen. Han var medlem av protokollkomiteen både den perioden og den neste. 1883-85 var han nemleg 1. representant frå Finmarkens amt på Stortinget.

Han døydde i Trondheim i 1907.

Kjelder

Kategori:Stortingsrepresentantar 1880-1882 Kategori:Stortingsrepresentantar 1883-1885 Kategori:Stortingsrepresentantar for Finnmark Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Norske futar Kategori:Norske sorenskrivarar Kategori:Folk frå Nesset