Coverdale and Page var eit samarbeid mellom tidlegare Whitesnake- og Deep Purple-songar David Coverdale og tidlegare Led Zeppelin-gitarist Jimmy Page. Dei starta å spele i lag i 1991 og gav ut albumet Coverdale and Page i 1993. Dei gav òg ut fem singlar.

Det har vorte indikert at Page samarbeidde med Coverdale for å ergre Robert Plant, den tidlegare songaren i Led Zeppelin, som fram til då var motvillig til å spele i lag med Page igjen. I intervju på denne tida hadde Plant ein viss tendens til å latterleggjere Coverdale. Rykte ville ha det til at Coverdale og Page ville gjenforeine Led Zeppelin i lag med John Paul Jones og Jason Bonham, men dette vart aldri noko av.

Studioalbumet gav Page den største salssuksessen hans sidan dagane med Led Zeppelin. Etter fleire konsertar i Japan og dårleg bilettsal på den påfølgjande verdsturneen, vart bandet lagt ned. Page slo seg så saman med Plant for «UnLedded» på MTV og Coverdale dukka frå tid til tid opp i Whitesnake.

Tidlegare bandmedlemmar David Coverdale - solovokal, akustisk gitar Jimmy Page - elektrisk gitarar, bass, munnspel, dulcimer, korvokal Denny Carmessei - trommer, perkusjon (album og turne) Lester Mendel - klaverinstrument, perkusjon Jorge Casas - bass Ricky Phillips - bass John Harris - munnspel Tommy Funderburk - korvokal John Sambataro - korvokal Brett Tuggle - klaverinstrument, korvokal (turne) Guy Pratt - bass, korvokal (turne)

Diskografi Album Coverdale and Page (1993) - 4. plass i Storbritannia, 5. plass i USA

Sjå òg Deep Purple Led Zeppelin Whitesnake

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Coverdale and Page» frå , den 28. mars 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkgrupper frå 1990-talet Kategori:Engelske heavy metal-band Kategori:Jimmy Page Kategori:Musikkgrupper skipa i 1991 Kategori:Musikkgrupper oppløyste i 1993