Walking into Clarksdale er eit studioalbum av Page and Plant, begge tidlegare frå det engelske rockebandet Led Zeppelin. Det kom ut på Atlantic Records den 21. april 1998. Som oppfølgjaren til No Quarter: Jimmy Page and Robert Plant Unledded, tok det 35 dagar å spele inn Walking into Clarksdale. Albumet vart spelt inn og miksa av Steve Albini. Singelen «Most High»vart nominert til Grammy Award i 1999 for beste hardrocksong.
Clarksdale er ein by i Mississippi Delta og historisk heimstad for Deltablues.
Albumet nådde 8. plass i USA, 3. plass i Storbritannia og 13. plass i Noreg.
Plant spelte seinare inn songen «Please Read the Letter» med Alison Krauss for albumet deira Raising Sand i 2007.
«Blue Train» er ein song om sorga Plant følte etter sonen hans Karac døydde i juli 1977.
Innhald
«Most High» og «Shining in the Light» vart gjevne ut som singlar og til den siste vart det laga musikkvideo.
Medverkande Jimmy Page – Akustisk og elektrisk gitar, korvokal, mandolin Robert Plant – Vokal Charlie Jones – Bassgitar, perkusjon Michael Lee – Trommer og perkusjon Tim Whelan – Klaverinstrument på «Most High» Ed Shearmur – Programmering og strykarar på «Most High» Lynton Naiff – Strykearrangement på «Upon a Golden Horse»
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Walking into Clarksdale» frå , den 29. mars 2011.
Kategori:Musikkalbum frå 1998 Kategori:Album produserte av Jimmy Page Kategori:Robert Plant-album Kategori:Jimmy Page-album