Hangzhou er administrasjonssenter og den største byen i Zhejiang-provinsen aust i Kina. Han ligg 180 km sørvest for Shanghai. Byen er kjend for å ligge vakkert til ved innsjøen Xihu (‘Vestsjøen’). Innsjøen renn ned i elva Qiangtang, som tømmer seg i Hangzhoubukta. Hangzhou fekk ei viktig stilling som sørleg endepunkt for Keisarkanalen. Fram til 1862, då byen nærast vart fullstendig øydelagd under Taipingopprøret, var Hangzhou rekna for å vere ein av dei vakraste byane i Aust-Asia.

Hangzhou har status som sub-provinsiell storby. Han dannar kjerna for storbyområdet Hangzhou, som er det fjerde største i Kina. Ved folketeljinga i 2010 hadde storbyområdet 21,102 millionar innbyggjarar i eit areal på  km². Hangzhou prefektur hadde eit registrert folketal på i 2015.

Hangzhou var hovudstad for kongedømmet Wu Yue (904-978), og under Det sørlege Song-dynastiet (1127-1279). Den gongen heitte byen Lin'an (临安, pinyin Lín'ān).

Geografi mini|venstre|Satellittbilde av Yangtze-deltaet. Hangzhou ligg i Zhejiang-provinsen, i den sørleg-sentrale delen av Yangtze-deltaet. Byen ligg ved sørenden av Keisarkanalen, som går til Beijing. Det sub-provinsielle området strekkjer seg vest til dei fjellendte delane av Anhui-provinsen, og aust til kystsletta nær Hangzhoubukta. Sentrum av byen er bygt rundt den austlege og nordlege breidda av sjøen Xihu, like nord for Qiantangelva.

Qiantang er den største elva i Zhejiang-provinsen. Kvart år i midten av august opptrer Qiantang-tidvatnet, kjent som den største tidvassbølgja i verda. Ho kan nå ei høgd på opptil 12 meter.

Hangzhou har eit klima klassifisert som fuktig subtropisk (Köppen Cfa) med fire tydelege årstider. Det er kjenneteikna av lange, svært varme og fuktige somrar og kjølige, skyfulle og tørrare vintrar med noko snøfall. Den årlege gjennomsnittstemperaturen er 17 °C, med månadlege gjennomsnitt frå 5 °C i januar til 29,3 °C i juli. Byen har gjennomsnittleg årleg nedbørs på 1438 mm, og har den austasiatiske monsunen (meiyu eller plommeregn) i juni. På seinsommaren (august til september) kan Hangzhou oppleva tyfonstormar, men blir sjeldan råka direkte av tyfonar. Dei kjem vanlegvis i land langs sørkysten av Zhejiang, og råker området med sterk vind og regnfall.Hangzhou . China Today. Vitja 22. august 2006.

Historie mini|Xihulandskap av Li Song (1190–1264) som syner Leifeng-pagoden under Song-dynastiet. mini|portrett|Den nær 60 meter høge Liuhepagoden frå 1165.

Utgravingar har funne spor etter Liangzhu-kulturen, som mellom anna laga utskjeringar i jade, som fanst i området for rundt fem tusen år sidan.Shanghai Qingpu Museum. [museum.shqp.gov.cn/gb/content/2009-02/23/content_237435.htm Migration of the Tribe and Integration into the Han Chinese]. Henta 24. juli 2014. Det første av dei noverande distrikta i Hangzhou frå skriftlege kjelder er Yuhang, som truleg har namn frå ein gammal baiyuetradisjon. , (Shanghai: Shanghai cishu chubanshe): 1516.

Hangzhou blei gjort til sete for Hang zhou, eller prefeketur, i år 589. Etter ein gammal konvensjon ein også finn i andre byar, som Guangzhou og Fuzhou, fekk byen namn etter prefekturet han styrte. Som administrasjonsby hadde Hangzhou krav på ein bymur som blei bygd i 591. Hangzhou låg ved sørenden av Keisarkanalen, som går like til Beijing. Kanalen blei utvikla gjennom fleire hundreår, men nådde den fulle lengda si i 609.Ebrey, Cambridge Illustrated History of China, 114: "[…] the Grand Canal, dug between 605 and 609 by means of enormous levies of conscripted labour."

Under Tang-dynastiet blei Bai Juyi utnemnd til guvernør for Hangzhou.Waley (1941), 131 Han var ein kjend diktar, men var også ein dyktig administrator som gjenreiste og forbetra diket som heldt vatn på plass i Vestsjøen slik at det kunne brukast av bøndene under tørke. I fritida si vitja Bai Juyi innsjøen nesten dagleg, og utbetra landskapet med vegbygging og treplanting.

Hangzhou var den første hovudstaden til Wu Yue under Fem dynasti og ti kongerike-tida, frå 907 til 978. Han var då kjend som Xifu ().

Hangzhou var òg hovudstad for Det sørlege Song-dynastiet frå 1127 til 1279. Han heitte då Lin'an, og skal ha hatt eit folketal på over 450 000. Hangzhou voks då fram som sentrum for den kinesiske sivilisasjonen, ettersom det kinesiske kjerneområdet i og rundt Henan låg under framand dominans. Ei rad filosofar, politikarar, diktarar og forfattarar slo seg ned i Hangzhou, til dømes diktarane Su Shi, Lu You og Xin Qiji. Su Shi fekk i 1089 bygt eit 2 800 meter breitt dike over Vestsjøen. Innsjøen er kunstig, og på dei fleste sidene omgitt av høgder. Baoshi-pagoden står på toppen av ei av høgdene nord for sjøen.

Den venetianske reisande Marco Polo besøkte Hangzhou seint på 1200-talet og omtala byen som den «udiskutabelt finaste og edlaste i heile verda». Kinesarar, mongolar, nestorianske kristne og buddhistar frå mange land budde saman i harmoni i Hangzhou .

Også etter at mongolkeisarane erobra det sørlege Song og gjorde Beijing til sin hovudstad i 1279, stod Hángzhōu seg som eit viktig senter for handel og kommers. Byen var hamneby fram til midten av Ming-dynastiet. Hamna var då så tilmudra at ho var ueigna. Skipshandelen flytta seg gradvis, først til Ningbo i aust og sidan til Shanghai i nord.

Byen heldt fram å vere eit kulturelt senter heilt til 1861-63, då han vart herja og øydelagt under det blodige Taipingopprøret. Først tok taipingopprørarane byen, og deretter vart han gjenerobra av keisarstyrkar. Ei 600 000 menneske vart slakta ned, dei resterande skal ha vorte spreidd vide, eller døydd av svolt og epidemiar. Gjenoppbygginga av byen tok lang tid. Under Qinhaiarevolusjonen i 1911 mot Qing-dynastiet tok Chiang Kai-shek makta over byen. Hangzhou var under 2. verdskrigen okkupert av japanarane. Han vart lite råka av den kinesiske borgarkrigen 1946-49. Kommunistane erobra byen den 3. mai 1949.

Folkesetnad

I 2023 hadde Hangzhou ein permanent folkesetnad på 12,522 millionar (inkludert Xiaoshan og Yuhang). 10,543 millionar (84,2 %) budde i byområde. Storbyområdet blei estimert av OECD til å ha ein folkesetnad på 13,4 millionar i 2010, Linked from the OECD here medan andre kjelder har anslått over 21 millionar. Hangzhou storbyområde omfattar også byane Shaoxing, Jiaxing og Huzhou.

Forventa levealder i Hangzhou var 83,18 years for registrerte innbyggjarar i 2021, ein av dei høgaste i Kina.

Kultur Lokale folk frå Hangzhou, medrekna dei frå Zhejiang og sørlege Jiangsu, snakkar Hangzhou-dialekt, einvariant av wukinesisk. Hangzhoudialekt skil seg frå dei frå regionar i sørlege Zhejiang og sørlege Jiangsu. Dialekten har eit estimert tal på 1,2 til 1,5 millionar talarar. Som offisielt språk i Kina er standard mandarin det viktigaste talte språket. Det er ikkje gjensidig forståeleg med Hangzhou-dialekten.

Religion I 1848, under Qing-dynastiet, blei Hangzhou omtalt som «høgborga» til islam i Kina. Det fanst fleire moskear her med innskrifter på arabisk. Innanfor Hangzhou by er det to viktige moskear: Den nye Hangzhou-moskeen og den eldre Føniks-moskeen. Så seint som i sistedelen av 1500-talet eller tidleg på 1600-talet var byen eit viktig sentrum for jødar i Kina, og kan ha vore den opphavlege heimen til Kaifeng-jødane. Det var tidlegare ein jødisk synagoge i Ningbo og ein i Hangzhou, men det finst ikkje att nokon kjende spor etter dei, og dei einaste jødane ein kjente til i Kina heldt til i Kaifeng. To av dei tre kjende konvertittane til katolisismen i Kina, kjende som «dei tre pilarane», var frå Hangzhou. Den katolske domkyrkja her er ei av dei eldste katolske kyrkjene i Kina, og kan sporast 400 år tilbake til Ming-dynastiet. Tidleg på 2000-talet var det konfliktar mellom styresmaktene og uoffisielle kyrkjer i Hangzhou.

Kring Xihu ligg det fleire tempel. Lingyin-tempelet blei grunnlagt under Det austlege Jin-dynastiet, i år 326. Med ei soge som går tilbake rundt 1700 år er det det eldste velkjende tempelet i Hangzhou. Yuefei-tempelet, som blei reist under Song-dynastiet i 1221 til minne om Yue Fei, ligg også nær sjøen.

Det eldste buddhisttempelet i byen reknar ein Lingyin Si (‘sjelas kvile’) for å vere. Tempelet har vore øydelagt og gjenoppbygd ei rekke gongar, til liks med det meste av byen. Overleveringar fører historia til tempelet tilbake til 328, men det noverande tempelbygget stod ferdig i 1910.

I 970 blei den kring 100 meter høge Liuhepagoden bygd ved nordbreidda av Qiantang, etter seiande for å roa ned tidvassbølgja i elva. Pagoden blei øydelagd i 1121, og gjenreist i 1165. Ein annan religiøs stad i området er Hupao-kjelda.

Kulturinstitusjonar Det finst fleire museum i Hangzhou, mellom anna Det nasjonale silkemuseet i Kina, det største silkemuseet i verda, Kina temuseum () og Zhejiang provinsmuseum, som huser over 100 000 gjenstandar.

Hangzhou huser Det kinesiske kunstakademiet og var heimen til viktige målarar som Lin Fengmian og Fang Ganmin.

Mange teater i Hangzhou syner fram kinesisk opera som Yue-opera.

Mat og drikke mini|Fisk frå Xihu i eddiksaus. mini|Xihu Longjing (), te frå Longjing planta nær Xihu. Mattradisjonen i Hangzhou blir ofte rekna som representativ for Zhejiang-kjøkkenet, ein av dei åtte grunnleggjande kinesiske mattradisjonane.

Generelt er matslag frå Hangzhou meir søtlege enn salte. Ein vanleg ingrediens er fisk frå Yangtze-elva.

Andre kjende rettar er pianerchuan-nudlar (), xihufisk i eddiksaus (), dongposvin (), longjingreker (), tiggarkylling (), dampa ris and svin i lotusblad (), breserte bambusskot (), lotusrotpudding () og syster Songs fiskesuppe ().

Hangzhou er kjend som opphavsstaden for Longjing-te, ein type grøn te som er ein av ti kjende tear frå Kina.

Økonomi

mini|Zhejiang børs i Qianjiang sentrale forretningsdistrikt. mini|Hovudkvarteret til Alibaba Group.

Næringslivet har tradisjonelt vore tekstilar, silke og maskinvarer. I dei seinare år har ein utvikla elektronisk og annan lettindustri, særleg etter det vart opna for friare økonomisk verksemd i 1992. Turisme har også vorte ei viktig næring for byen, som er kjend for kulturarv, naturvenleik og som ei vogge for kinesisk siviliasjon.

Hangzhou er rekna som ein viktig produksjonsbase og logistikknutepunkt for Kyst-Kina. Byen er også knutepunkt for netthandel og teknologi. Det er utvikla mange nye industriar her, som medisin, informasjonsteknologi, bildelar og tungt maskineri, kvitvarer, elektronikk, telekommunikasjon, finkjemikal, kunstfiber og næringsmiddelindustri.

Hangzhou huser hovudkvarteret til fleire teknologiføretak, som Alibaba Group, NetEase, Ant Group, DeepSeek, Geely og HikVision. På grunn av internettindustrien her har mange programmerarar frå andre byar som Shanghai og Beijing kome til Hangzhou.

Samferdsle

Offentleg transport Hangzhou har eit bussnetverk som omfattar diesel-, hybrid- og elektriske bussar, i tillegg til trolleybussar. Byen hadde tidlegare eit omfattande bussmetronettverk som gjekk frå sentrum til mange forstadar i særskilde bussfelt i dei travlaste gatene i byen. Ved midten av 2021, var alle bortsett frå ei av desse, B1, anten lagt ned eller gjort om til vanlege ruter.

Drosjar er også utbreidde i byen, og er strengt regulerte. Byen var tidleg ute med å innføra elektriske bilar i drosjeflåten. I 2014 bestilte byen 2000 elektriske bussar og 1000 elektriske drosjar frå BYD Auto.

Byen har fleire stasjonar for langdistansebussar til andre byar i Zhejiang og naboprovinsane.

Utbygginga av Hangzhou Metro byrja i mars 2006, og Line 1 opna 24. november 2012. I midten av 2021 hadde metroen eit 323 km langt nettverk, ikkje medrekna intercitybanen mellom Hangzhou og Haining med ei lengd på 46 km. I 2018 godkjende det statlege rådet i Kina planar for å byggja 15 metroliner, inkluder utvidingar av tre tidlegare linjer til å vera klare til opninga av Asialeikane 2022. Dette ville byggja ut nettverket til ei lengd på 617 km.