Jacob Albert Lindboe () var ein embetsmann og stortingsmann frå Christiania. Han var medlem av Venstre. Asbjørn Lindboe var sonen hans.

Lindboe var son til ein kjøpmann. Sjølv vart han student i 1863 og cand. jur. i 1867. Frå 1869 var han overrettssakførar i Trondheim, deretter sorenskrivar på Nordmøre 1891-92, og sidan lagmann i Eidsiva og Frostating.

Han var medlem av formannskapet i Trondheim 1882-86, samt 1884-90 direktør for Noregs Bank i Trondheim. Medlem av representantskapen i Noregs Bank 1893-1901, formann i denne frå 1894.

Lindboe var 1. representant frå Trondheim og Levanger på Stortinget 1895-1900. Begge dei to valperiodane var han medlem av konstitusjonskomiteen, 1898-1900 var han formann i den militære straffelovskomiteen og medlem av valkomiteen.

Lindbøe døydde i Kristiania.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1895-1897 Kategori:Stortingsrepresentantar 1898-1900 Kategori:Politikarar frå Oslo