Periferieininga Kálymnos (gresk Περιφερειακή Ενότητα Καλύμνου, Periferiakí enótita Kalýmnou) er ei av dei 13 periferieiningane i periferien Dei sørlege egeiske øyane. Ho vart oppretta ved den administrative reforma i 2010, og var tidlegare ein del av prefekturet Dodekanesane.
Periferieininga er sett saman av øyane og kommunane (nummer på kartet) Agathonísi (2) Pátmos (12) Lipsí (8) Léros (9) Kálymnos (4) Astypálea (3) Hovudstaden er Kálymnos.
Byar og tettstader Dei største byane og tettstadene i periferieininga er: Tettstad Kommune Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Kálymnos Kálymnos 12 324 13 529 Ajía Marína Léros 2 372 2 380 Pánormos Kálymnos 2 069 2 267 Lakkí Léros 2 058 2 093 Skála Pátmos 1 747 1 804 Astypálea Astypálea 1 055 1 084 Lipsí Lipsí 790 778
Referansar
Kalymnos Kalymnos