Morten Mortensen () var ein norsk gardbrukar, verksstyrar og stortingsmann frå Tynset i Hedmark. Han var far til Ivar Mortensson-Egnund.
Mortensen var son til ein gardbrukar. I yngre år var han mellom anna krambudreng. Han kjøpte i 1848 garden Øya i Lillelvdal, og budde der i 25 år. Sidan busette han seg på garden Einabu i Folldal, som han dreiv til 1893. Deretter kjøpte han gard i Tynset og budde for det meste der. Han var elles medeigar og styrar av Folldal verk.
Mortensen var medlem av heradsstyret i Tynset frå 1854, frå 1865 var han ordførar i over 15 år. Elles var han formann i skulestyret og i den lokale matrikkelkommisjonen.
Mortensen representerte Hedemarkens amt på Stortinget frå 1868 til 1885. Heile tida var han medlem av næringskomite nr 1, frå 1871 også medlem av Lagtinget. Under riksrettsforhandlingane i 1883-84 vart han skoten ut or retten. Han var medlem av valkomiteen 1879-85, både 1878 og 1880 var han medlem av utvida busdjettkomitear. I 1873 var han mellom dei stortingsrepresentantane som var med i kroningsdeputasjonen til Trondheim. Han vart i 1884 utnemnd til medlem av bankkommisjonen.
Han døydde på garden sin i Tynset i 1910.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1868-1870 Kategori:Stortingsrepresentantar 1871-1873 Kategori:Stortingsrepresentantar 1874-1876 Kategori:Stortingsrepresentantar 1877-1879 Kategori:Stortingsrepresentantar 1880-1882 Kategori:Stortingsrepresentantar 1883-1885 Kategori:Stortingsrepresentantar for Hedmark Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Ordførarar i Tynset Kategori:Folk frå Tynset Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet Kategori:Norske gardbrukarar frå 1900-talet