Carl Konow () var ein norsk kjøpmann og stortingsmann frå Bergen. Wollert Konow den eldre var far hans.

Konow gjekk 1821-23 i handelslære på ein skule i Brixton i England. Frå 1823 dreiv han handel i heimbyen Bergen gjennom eige handelshus. Seinare vart han medeigar i firmaet Johan C. Martens & Co. Han var medlem av formannskapet i Bergen 1840-48, forlikskommissær frå 1862. Direktør i Bergens Privatbank 1856-70.

Konow representerte Bergen på Stortinget 1848-51 og 1857-58. I 1848 var han sekretær i konstitusjonskomiteen og komiteen om pengekrisa, dessutan medlem av komiteen om skattestellet i byane. Han var i 1851 medlem av komiteen om jarnbaneanlegg, og både i 1851 og 1857 medlem av budsjettkomiteen. 1857 og -58 medlem av valkomiteen, på siste tinget også medlem i komiteen om statslån. I 1851 reiste han til Spania som utsending frå regjeringa, målet var å få redusert tollsatsane på fisk.

Han døydde i Bergen i 1876.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1848-1850 Kategori:Stortingsrepresentantar 1851-1853 Kategori:Stortingsrepresentantar 1857-1858 Kategori:Folk frå Bergen