Ole Anderssen Haneborg () var ein norsk gardbrukar og forretningsmann frå Aurskog i Akershus. Anders Halvorsen Haneborg var far hans.

Han var gardbrukar på Neslerud i Sørum frå 1823, der han bygde ei mylne. I 1838 overtok han farsgarden i Aurskog og dreiv denne. Han eigde fleire andre gardar og bruk, samt han var medeigar i jarnverk i Sverige.

Haneborg var ei tid ordførar i Aurskog. Til Stortinget 1836 var han 1. varamann for Akershus amt. Han møtte på omframstortinget 1836-37 frå 28. desember, i staden for Laurentius Borchsenius.

Haneborg flytta tilbake til Neslerud i Sørum på sine eldre dagar, døydde der i 1884.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1836-1838 Kategori:Stortingsrepresentantar for Akershus Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Norske forretningsfolk Kategori:Ordførarar i Aurskog Kategori:Folk frå Aurskog-Høland