Eurovision Song Contest 1994 (ESC 1994) var den 39. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Point Theatre i Dublin i Irland. Finalen fann stad laurdag 30. april. Irland vann tevlinga med songen «Rock ’n’ Roll Kids», framført av Paul Harrington og Charlie McGettigan.
Estland, Ungarn, Litauen, Polen, Romania, Russland og Slovakia deltok i tevlinga for fyrste gong. Polen skapte skandale då Polen sin deltakar, Edyta Górniak, song på engelsk under generalprøven, som er den som blir vist til juryane som skal røyste. Dette er imot reglane som gjaldt denne gongen, som sa at deltakarane måtte synge på eit av dei offisielle språka i landet dei deltok for. 6 land kravde at Polen skulle bli diskvalifisert, men ifølgje reglane måtte 13 land krevje dette for at klagen skulle verte fremja. Polen fekk altså delta og kom til slutt på 2. plass.
Belgia, Israel, Slovenia, Danmark, Tyrkia og Luxembourg deltok ikkje dette året på grunn av den dårlege plasseringar deira året før. Då Italia trekte seg frå konkurransen fekk Kypros plassen istaden.
Bidraga
Finale Finalen vart halden den 30. april 1994 i Point Theatre. Irland vann konkurransen for sjette gong. Sveits og Slovakia kom på ein delt 19. plass. Litauen, Estland, Nederland, Finland, Romania, Sveits og Slovakia kvalifiserte seg ikkje til neste års konkurranse. Noreg sitt bidrag, «Duett» av Elisabeth Andreassen og Jan Werner Danielsen kom på 6. plass.
Nr. Land Artist Song Språk Plass Poeng 1. Marie Bergman & Roger Pontare «Stjärnorna» Svensk 13 48 2. CatCat «Bye Bye Baby» Finsk 22 11 3. Paul Harrington & Charlie McGettigan «Rock ’n’ Roll Kids» Engelsk 1 226 4. Evridiki «Είμαι άνθρωπος κι εγώ»(«Eimai Anthropos Ki Ego») Gresk 11 51 5. Sigga «Nætur» Islandsk 12 49 6. Frances Ruffelle «We Will Be Free (Lonely Symphony)» Engelsk 10 63 7. Tony Cetinski «Nek' ti bude ljubav sva» Kroatisk 16 27 8. Sara Tavares «Chamar a música» Portugisisk 8 73 9. Duilio «Sto pregando» Italiensk 19 15 10. Silvi Vrait «Nagu merelaine» Estisk 24 2 11. Dan Bittman «Dincolo de nori» Rumensk 21 14 12. Chris & Moira «More than Love» Engelsk 5 97 13. Willeke Alberti «Waar is de zon?» Nederlandsk 23 4 14. MeKaDo «Wir geben 'ne Party» Tysk 3 128 15. Tublatanka «Nekonečná pieseň» Slovakisk 19 15 16. Ovidijus Vyšniauskas «Lopšinė mylimai» Litauisk 25 0 17. Elisabeth Andreassen & Jan Werner Danielsen «Duett» Norsk 6 76 18. Alma Čardžić & Dejan Lazarević «Ostani kraj mene» Bosnisk 15 39 19. Kostas Bigalis & The Sea Lovers «Το tρεχαντήρι»(«To Trehandiri») Gresk 14 44 20. Petra Frey «Für den Frieden der Welt» Tysk 17 19 21. Alejandro Abad «Ella no es ella» Spansk 18 17 22. Friderika Bayer «Kinek mondjam el vétkeimet?» Ungarsk 4 122 23. Judif «Вечный странник»(«Vetsjnyj strannik») Russisk 9 70 24. Edyta Górniak «To nie ja!» Polsk 2 166 25. Nina Morato «Je suis un vrai garçon» Fransk 7 74
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «ESC 1994» frå , «ESC 1994» frå og VG.no, den 12. april 2011.
Kategori:Musikk i 1994 Kategori:Eurovision Song Contest etter år