Eurovision Song Contest 1998 var den 43. utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songtevlinga for medlemmane av Den europeiske kringkastingsunionen (EBU). Tevlinga fann stad i National Indoor Arena i Birmingham i Storbritannia laurdag 9. mai 1998. Arrangementet blei produsert av britiske BBC som følgje av Storbritannia sin siger året før med Katrina and the Waves og «Love Shine a Light». Programleiarar var svenskfødde Ulrika Jonsson og den mangeårige Eurovision-kommentatoren for BBC Terry Wogan. Dette var rekordhøge åttande gongen at Storbritannia stod vertskap for Eurovision Song Contest; og det skulle gå 25 år før landet igjen var vertskap.
Dette året blei banebrytande på fleire måtar. For fyrste gang blei telefonavrøysting teken i bruk i stor skala, og dimed var det for fyrste gong sjåarane som kåra vinnaren. Dette blei også siste året songane blei akkompagnert av eit orkester, og det var siste året landa måtte syngje på sitt eige språk. Året etter fjerna EBU både orkesteret og språkregelen.
Til saman deltok 25 land i finalen. Makedonia debuterte, mens Italia trekte seg frå tevlinga og kom ikkje tilbake før i 2011. Austerrike, Bosnia-Hercegovina, Danmark, Island og Russland måtte stå over dette året, sidan dei hadde lågast snittpoengsum i femårsperioden 1993–1997. Belgia, Finland, Israel, Romania og Slovakia var tilbake etter å ha stått over tevlinga i 1997.
Vinnaren blei Israel som var representert av transkvinna Dana International. Ho song «Diva» og vann ein knapp siger framfor Storbritannia og Malta. Dette var den femtande andreplassen til Storbritannia, mens Malta tangerte si beste plassering til då. Nederland blei nummer fire, mens Kroatia enda på femteplass. Noreg var representert av Lars A. Fredriksen, som song «Alltid sommer». Det norske bidraget enda på ein åttandeplass med 79 poeng.
Bakgrunn venstre|miniatyr|upright|National Indoor Arena, i dag kjend som Arena Birmingham. Etter sigeren året før med Katrina and the Waves og «Love Shine a Light» var Storbritannia vertskap for åttande gong. BBC arrangerte finalane i 1968, 1977 og 1982, og i tillegg hadde kringkastaren teke på seg arrangørjobben i 1960, 1963, 1972 og 1974.
BBC la Eurovision Song Contest til National Indoor Arena i Birmingham. Under sendinga var det rundt 4000 publikummarar i salen.
Programleiarar var Ulrika Jonsson og Terry Wogan. Terry Wogan var ein britisk discjockey og programleiar. Han var kjend som Eurovision-kommentator for BBC, ei rolle han hadde hatt sidan 1971. Wogan kommenterte også denne sendinga for BBC – trass i at han var programleiar. Wogan laup til kommentatorboksen etter opninga og kommenterte fram til og med avrøystinga. Etter avrøystinga var han tilbake på scena saman med Jonsson.
Kvalifisering På grunn av at stadig fleire land ønskte å delta i Eurovision Song Contest, innførte EBU eit meir permanent kvalifiseringssystem frå 1997. EBU sette også dette året deltakartalet til 25 land: vinnarlandet frå 1997 og dei 17 landa med høgast gjennomsnittspoengsum i perioden 1993–1997. I tillegg fekk dei sju landa som ikkje var kvalifisert i 1997 tilbod om å delta i 1998.
Belgia, Finland, Israel, Romania og Slovakia var tilbake etter å ha måtta stå over året før. I tillegg gjorde Makedonia sin debut i Eurovision Song Contest. Landet gjekk fram til 2019 under namnet «Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia» (engelsk F.Y.R. Macedonia) i Eurovision-samanheng, for å unngå forveksling med gresk Makedonia.
Italia trekte seg frå Eurovision Song Contest etter å gjort ein mellombels retur året før. Italia skulle fyrst komme tilbake i tevlinga igjen i 2011. Tyskland fekk då plassen til Italia, mens Austerrike, Bosnia-Hercegovina, Danmark, Island og Russland måtte stå over, fordi de hadde lavest snittpoengsum i femårsperioden 1993–1997.
Startrekkefølgja blei avgjort på førehand ved loddtrekking. Kroatia opna showet, mens debutanten Makedonia avslutta. Noreg fekk startnummer 22.
Under er kvalifiseringsoversikta for dei aktuelle landa: +Kvalifiseringstabell for 1998RangLandSnittMottekne poeng per år19931994199519961997Automatisk kvalifisert som fjorårsvinnar og vert1121,40164637677227Kvalifisert på bakgrunn av høgaste snittpoengsum 1993–19972155,2018722644162157391,60120761481140480,4012174941895575,206997766866674,60894810010036766,50166153154863,401751797298961,40581711917961059,33294821154,671223 391254,2031279198241352,251021571211450,2064446836391547,50148152251646,00607359201744,759247851842,2598416601942,25181281 22Kvalifisert etter å ha stått over i 19972042,50481 2117,0015192214,0014 2313,33201192411,00382225– Ikkje kvalifisert for finalen i 19982642,00992 252740,007017 332839,6032196768122938,2042493151183023,002739141322Stod over –79,5045114 –11,0011 –0,000
Sendinga Finalen opna med ein kortfilm med bilete frå Birmingham, før programleiar Terry Wogan inntok scena i National Indoor Arena og ønskte sjåarane velkommen på engelsk og fransk. Det blei også vist opptak frå finalen i 1960, fyrste gongen BBC arrangerte tevlinga. Katie Boyle, som var programleiar i 1960, 1963, 1968 og 1974, var til stades i salen i Birmingham og blei hylla av publikum. Fjorårsvert Carrie Crowley var også til stades via satellitt, og Wogan takka ho og irske RTÉ for innsatsen året før. Deretter kom med-programleiar Ulrika Jonsson på scena og fortalde sjåarane at resultatet skulle avgjerast via telefonavrøystinga. De såkalla postkortfilmane mellom kvart bidrag viste bilete frå ulike stadar i Storbritannia, og deretter flagget til det respektive landet.
Dette var siste året at deltakarane måtte synge på sitt eige språk, for året etter blei språkkravet fjerna for godt. Det var også siste året med eit levande orkester; sidan 1999 har all musikk vore ferdiginnspelt på band. Landa kunne bruke ferdiginnspelt musikk også i 1998, noko fleire av deltakarlanda valde å gjere, med dei fleste landa brukte levande musikk i salen, framført av konsertorkesteret til BBC. miniatyr|Tyske Guildo Horn sørga for ei minneverdig framføring. Blant deltakarane dette året var det særleg Tyskland og Israel som gjorde seg merka på førehand. Tyske Guildo Horn var ein kjend komikar i Tyskland og stod for ei minneverdig framføring. Han hoppa frå scena to gongar under sin framføring, ringte med kubjøller og helsa på publikum før han avslutta med å hoppe opp på eit stillas høgt over scena. Det tyske bidraget kom på ein sjuandeplass.
Israel stilte med artisten Dana International og songen «Diva». Ho hadde gjennomgått ein kjønnskorrigerande operasjon i 1993 og var den fyrste transpersonen som deltok i tevlinga. Artistvalet av Israel fekk brei mediaomtale, men møtte også kritikk og protestar frå delar av det ortodokse miljøet i Israel. All medieomtalen gjorde Israel til favoritt, og etter ei svært jamn avrøysting vann Dana International ein knapp siger – seks poeng foran Storbritannia og sju poeng framfor Malta på tredjeplass. Dette var den tredje sigeren til Israel i tevlinga; dei to fyrste kom i 1978 og 1979. Etter sigeren erklærte Dana International at ho gav sigeren «til alle verdas homsar». Men sigeren var omdiskutert, også i Noreg. I Israel prøvde også ultraortodokse jøder å forhindre at landet skulle arrangere finalen året etter.
Imaani var den fyrste farga artisten som representerte Storbritannia i Eurovision Song Contest og fekk ein andreplass med «Where Are You?». Dette var den 15. andreplassen til Storbritannia.
Pausenummeret var eit musikalsk potpurri som skulle vise Storbritannia som ein moderne og multietnisk nasjon. Blant deltakarane var Lesley Garrett og fiolinisten Vanessa-Mae.
Det norske bidraget Lars A. Fredriksen, kjend frå Oslo Gospel Choir, var den norske representanten i Birmingham. Han framførte songen «Alltid sommer» som hadde vunne ein klår siger i den norske finalen i februar same år. Under den norske finalen hadde songen engelsk tekst, «All I Ever Wanted (Was You)». Bakgrunnen var at NRK ønskte å modernisere tevlinga og å nå fleire låtskrivarar. Vinnarsongen var komponert av David Eriksen, mens Per Kristian Ottestad skreiv den engelske teksta.
I Eurovision Song Contest måtte framleis deltakerlanda synge på sitt nasjonalspråk, og songen blei difor omsett til norsk med tittelen «Alltid sommer». Den norske teksta var skriven av systera til Fredriksen, Linda Andernach Johannesen. I den internasjonale finalen var Noreg nummer 22 ut på scena, og med på scena var koristane Aina Andreassen, Åshild Stensrud, Ole-Marius Johnson, Håvard Gryting og Lars Aass. Geir Langslet dirigerte BBC-orkesteret under den norske framføringa. Under prøvene hadde det vore fleire utfordringar for den norske delegasjonen. BBC hadde rota bort eit lydband med trommar som NRK hadde sendt på førehand. Lydbandet skulle brukast saman med orkesteret, men BBC-orkesteret trudde dei ikkje skulle spele under det norske bidraget. Misforståingane gjorde at den fyrste prøva til Noreg gjekk svært dårleg, men utfordringane blei rydda av vegen utover finaleveka, og under finalen fungerte alt som det skulle for Noreg.
Jostein Pedersen kommenterte sendinga for NRK1, mens Stein Dag Jensen kommenterte på NRK P1. Ragnhild Sælthun Fjørtoft las opp dei norske poenga via satellitt frå NRK Marienlyst i Oslo. I avrøystinga kom Noreg på åttandeplass med 79 poeng, derav 12 kom frå svenske sjåarar.
Avrøystinga miniatyr|Dana International vann Eurovision Song Contest for Israel. Kvart land gav 1–8, 10 og 12 poeng til sine ti favorittsongar via telefonavrøysting. Dette var fyrste gongen telefonavrøysting blei brukt i full skala til å avgjere resultatet; året før hadde fem land brukt telefonavrøysting som ei forsøksordning. Sjåarane fekk røyste i fem minuttar før linjene stengte, men kvart land hadde ein reservejury på åtte personar i tilfelle telefonnettet skulle bryte saman.
Fire av landa – Slovakia, Ungarn, Romania og Tyrkia – fekk dispensasjon til å bruke jury, ettersom landa ikkje hadde god nok teknisk infrastruktur til å gjennomføre ei omfattande telefonavrøysting. Tevlingssjef og overdommar for avrøystinga var Christine Marchal-Ortiz frå EBU.
Skepsis mot telefonavrøysting På førehand hadde fleire land vore skeptiske til å bruke telefonavrøysting i staden for dei tradisjonelle juryane. Også i Noreg var det skepsis, særleg på grunn av at telenettet ikkje kunne handtere alle samtalane. Under den norske finalen same år prøvde 440 000 å røyste, men berre 63 000 kom gjennom. Men NRK valde å bruke telefonavrøysting også under den internasjonale finalen, og 14 327 norske røyster blei registrert i løpet av dei fem minutta avrøystinga varte. Av desse fekk Malta flest, med rundt 3000 røyster.
Eit anna ankepunkt mot telefonavrøysting var moglegheita for at sjåarane i Europa ville røyste på dei same landa – slik at mange land ville ende opp med få eller ingen poeng. Frykta skulle vise seg å vere ugrunna, for avrøystinga blei ei av dei mest spennande på mange år.
Undervegs veksla ei rekkje land på å leie, og det var heile vegen uklårt kven som ville vinne. Då eit land stod igjen for å røyste, låg Malta og Israel likt, men Malta fekk ingen poeng, mens Israel fekk åtte poeng og dimed vann. Dette var fyrste gongen på fem år at vinnaren ikkje blei avgjord før dei aller siste poenga kom inn.
Tyskland var favoritt hos dei spanske sjåarane, men ein feilregistrering gjorde at Tyskland ikkje fekk noko poeng frå Spania under avrøystinga. Feilen blei retta opp etter sendinga og førte til at Tyskland hoppa opp ei plassering og dytta Noreg ned frå sjuande- til åttandeplass.
Deltakarar Liste over deltakarane og det offisielle resultatet. Tabellen er rangert etter startrekkefølgje; plassering og poengsummen finst i kolonnane til høgre.