Eurovision Song Contest 2001 var den 46. utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songtevlinga for medlemslanda av organisasjonen EBU. Tevlinga blei arrangert laurdag 12. mai 2001 av Danmarks Radio. Finalen fann stad i Parken Stadion i København i Danmark, og programleiarar var og . Dette var andre gongen Danmark arrangerte tevlinga; fyrste gongen var i i København i 1964.
23 land deltok i finalen, og vinnaren blei Estland med songen «Everybody», framført av Tanel Padar, Dave Benton og gruppa 2XL. Med unntak av sigeren til Jugoslavia i 1989 var dette var fyrste gongen eit land frå den tidlegare austblokka vann tevlinga. Vertslandet Danmark blei nummer to, mens Hellas fekk sin beste plassering til då med ein tredjeplass. Noreg markerte seg i andre enda av resultatlista og enda på delt sisteplass saman med Island. Det norske bidraget var «», sungen av . Sisteplassen medførte at Noreg måtte stå over tevlinga i 2002.
Bakgrunn venstre|miniatyr|Parken Stadion fekk bygga på eit mobilt tak i anledning Eurovision Song Contest. Danmark og kringkastaren DR var vertskap etter at Olsen Brothers vann tevlinga i 2000 med songen «Fly on the Wings of Love». Dette var fyrste gang på 37 år at tevlinga blei arrangert i Danmark. Til programleiarar valde kringkastaren journalisten og skodespelaren . Logoen var i klassisk dansk minimalisme: fire sirklar som saman danna ei hjarteform. Logoen blei gjenskapt på scena, ved at ljosanlegget var laga som dei fire sirklane.
DR hadde lenge problem med å finne ein passende arena for Eurovision Song Contest, og vurderte fleire byar. Til slutt la kanalen finalen til hovudstaden København og fotballstadionet Parken Stadion med kapasitet til tilskodarar. Men, anlegget mangla tak, noko som er eit krav for å kunne huse tevlinga. Stadioneigarane fekk bygga eit tak, som blei ferdig kort tid før prøvene starta. Arenaen er framleis den største som nokon gong er brukt i tevlinga.
Kvalifisering Sidan stadig fleire land ønskte å delta i Eurovision Song Contest, hadde EBU innført eit mer permanent kvalifiseringssystem frå 1997 for å halde talet på deltakarland nede. Eit land som ikkje var kvalifisert eit år, fekk automatisk rett til å delta året etter.
I tillegg fekk landa som måtte stå over finalen året før, automatisk plass: Bosnia-Hercegovina, Hellas, Litauen, Polen, Portugal og Slovenia. Dei øvrige plassane blei fylte opp av dei tolv landa med høgast gjennomsnittspoengsum frå femårsperioden 1996–2000. Dette gjorde at Austerrike, Belgia, Finland, Kypros, Makedonia, Romania og Sveits måtte stå over dette året. Italia, Slovakia og Ungarn var no permanent fråverande frå Eurovision Song Contest.
Dette var siste gongen kvalifiseringsordninga frå 1997 var i bruk. Frå 2002 av brukte EBU utslagsmetoden som blei brukt i 1994 og 1995: kom eit land på ein av dei siste plassane det eine året, fekk det ikkje delta året etter.
I tillegg til dei fire store, og landa som ikkje feekk delta i 2001, var det berre dei 15 best plasserte landa i 2001 som var kvalifisert til finalen i 2002. I ettertid blei dette utvida til dei 17 best plasserte landa, noko som opna opp for at også Israel og Portugal blei kvalifiserte til 2002. Men Portugal takka nei til plassen, slik at Latvia, som blei nummer 18, fekk plassen i staden. Latvia vann tevlinga året etter. +Kvalifiseringstabell for 2001RangLandSnittMottatte poeng per år19961997199819992000Automatisk kvalifisert som fjorårsvinnar og vert197,00 2571195Kvalifisert etter å ha stått over i 2000240,33132286335,7516601750435,009203612530,2531541917629,00363912713,0013Kvalifisert som ein av «dei fire store»8107,20772271663828986,00 2286140961030,601796211181127,0018953145Kvalifisert på bakgrunn av høgaste snittpoengsum 1996–200012136,001361398,601621576418921494,00 331551590,67 1729371688,001003653163881780,80686616532731880,40982413179701980,0094823690982068,8078515071402165,005118146452257,0011407935572356,6057121252159Ikkje kvalifisert for finalen i 20012446,00221223822544,75681265342643,40729837282722,50 16292816,33922182915,50 6253010,25225014 Notar
Sendinga Programmet starta med at fjorårsvinnarane Olsen Brothers kom på scena i Parken og song vinnarsongen «Fly on the Wings of Love», før dei fortsatte med sin nyaste singel, «Walk Right Back». Deretter kom programleiarane Natasja Crone Back og på scena og ønskte velkommen til finalen. Som en vri var heile manuset til programleiarane dette året på rim.
Deretter starta presentasjonen av dei 23 bidraga. Rekkefølgja var avgjord ved loddtrekking; Nederland starta, mens vertslandet Danmark avslutta. Noreg hadde startnummer fire. Kvart bidrag blei introduserte med postkort som viste bilete av det moderne Danmark innan alt frå geografi, turisme og industri, til kunst og kultur.
Engelsk var det klårt mest dominerande språket, og heile 20 av landa song heilt eller delvis på engelsk. Blant anna song Frankrike og Tyrkia delar av songane sine på engelsk for fyrste gang.
Pausenummeret var ved popgruppa Aqua som framførte eit potpurri av sine største hits som «», «» og «». På slutten av nummeret opptredde også den danske gruppa .
På førehand var Frankrike, Hellas, Slovenia og Sverige dei største favorittane til å vinne tevlinga. Avrøystinga utvikla seg i staden til å bli eit kappløp mellom Estland og Danmark, med Hellas og Frankrike like bak. Til slutt drog Estland i frå og vann uventa med sin åttitalsinspirerte «Everybody». Dave Benton, som utgjorde den eine halvparten av vinnarduoen, kjem opphavleg frå Aruba og blei den fyrste farga artisten til å vinne Eurovision Song Contest. Benton hadde tidlegare budd i Noreg og spelt på danskeferga mellom Kristiansand og Hirtshals. Vinnarsongen fekk toppoeng frå heile ni land, men fekk liten kommersiell suksess etter sigeren. I staden var det tredjeplassen, Hellas med Antique og «(I Would) Die for You», som blei den store hiten i Europa dette året. I Noreg låg det greske bidraget på VG-lista i fire veker, mens vinnarlåten ikkje nådde lista.
Det norske bidraget Det norske bidraget var «», framført av musikalsongaren . Han hadde vunne ein klår siger i den norske finalen i Oslo Spektrum i februar. Det norske bidraget var skrive av , og .
I Eurovision Song Contest var Noreg det fjerde landet på scena, og Lægreid hadde med seg koristane , Benedicte Swendgaard, Karin Kvalvaag, og Håvard Gryting på scena. I avrøystinga fekk Noreg berre tre poeng frå Portugal og enda med det på sisteplass saman med Island. Den svake plasseringa gjorde at Noreg ikkje fekk delta i tevlinga året etter. Dette var fyrste gongen Noreg blei slått ut av ein finale i Eurovision Song Contest.
kommenterte sendinga på NRK1, mens kommenterte på NRK P1. Roald Øyen las poenga frå dei norske sjåarane via satellitt frå Oslo. De norske sjåarane hadde Danmark på topp, vinnaren Estland på andreplass, Hellas på tredjeplass og Frankrike på fjerdeplass. 1 503 000 sjåarar såg finalen på NRK1, noko som var på nivå med åra i forveien.
Avrøystinga Kvart land gav 1–8, 10 og 12 poeng til sine ti favorittsongar via telefonavrøysting eller som ein kombinasjon av sjåarrøyster og jury. Hellas, Kroatia og Malta brukte kombinert jury og telefonavrøysting, mens Bosnia-Hercegovina, Russland og Tyrkia berre brukte jury, sidan en telefonavrøysting ikkje var teknisk gjennomførbart i desse landa. Dei øvrige landa brukte telefonavrøysting, og det var berre lov å røyste tre gongar per telefon. Sjåarane fekk ti minutt på seg til å røyste. Overdommar for avrøystinga var Christine Marchal-Ortiz frå EBU.
Avrøystinga var svært tett i byrjinga, og fleire land veksla på å leie. Då seks land hadde røysta, leia Estland med 48 poeng. Like bak låg Frankrike og Hellas med 45 poeng, mens Danmark var nummer fire med 41 poeng. Halvvegs uti avrøystinga leia Danmark med 87 poeng, foran Frankrike med 83 og Estland med 82. Deretter fekk Estland fire toppoeng på rad, og tok leiinga med Danmark like bak. Då Estland gav 12 poeng til Danmark, var stillinga Estland 166 mot Danmark sine 165. Då Hellas røysta som nest siste land, blei den estiske sigeren sikra, og Estland vann til slutt med eit forsprang på med 21 poeng til andreplassen Danmark.
Hendingar miniatyr|Gruppa Aqua skapte kontroversar da dei banna under pauseinnslaget. Den mangeårige kommentatoren i BBC Terry Wogan var lite imponert over programleiarane og manuset på rim. Fleire gongar omtalte han Back og Pilmark som «den lille havfrua og doktor Død», og la til: «Dette paret kjem til å ta livet av deg». Seinare i sendinga kalla BBC-kommentatoren Back for «tannfeen», berre for å «variere litt». Kvar gong programleiarane kom på skjermen, kom han med syrlege bemerkninger. Blant kommentarane var: «Kvart år tenker du at det ikkje kan bli verre. Og kvart år tek du feil.» Kallenamna og dei sarkastiske kommentarane blei dårleg mottatt i Danmark, og Wogan fekk i ettertid sterk kritikk for kallenamna.
Det svenske bidraget, «», blei før tevlinga skulda for å være svært lik det belgiske bidraget frå 1996, «Liefde is een kaartspel». Den belgiske komponistforeininga SABAM meinte songen var eit plagiat, men de svenske låtskrivarane, Henrik Sethsson og Thomas G:son, avviste skuldingane. Dei belgiske komponistene bak «» truga med rettslege skritt. Til slutt gjekk det svenske plateselskapet med på å betale ein kompensasjon for å unngå rettssak.
DR fekk kritikk for pauseinnslaget med popgruppa Aqua. Årsaken var at frontfigur Lene Nystrøm banna på direkten, noko som er i strid med tevlingsreglane. Banninga var planlagt og skjedde då gruppa skulle framføre songen «». Då vokalist – i rolla som Ken – sa «Hi, Barbie!», svarte Nystrøm i rolla som Barbie: «Fuck off, Ken!».
Deltakarar Liste over deltakarane og det offisielle resultatet. Tabellen er rangert etter startrekkjefølgje, plasseringa og poengsummen finst i kolonnane til høgre. Startnr.LandArtistSongSpråkPlassPoeng01«Out On My Own»Engelsk191602«Angel»Engelsk22303«Hano»Bosnisk og engelsk142904«»Engelsk22305«En davar» (אין דבר)Hebraisk162506Mumij Troll«Lady Alpine Blue»Engelsk123707«»Engelsk510008«You Got Style»Engelsk og litauisk133509«Too Much»Engelsk181610«Strings of My Heart»Engelsk104211«Só sei ser feliz assim»Portugisisk171812«Without Your Love»Engelsk21613«Dile que la quiero»Spansk67614«Je n'ai que mon âme»Fransk og engelsk414215«Sevgiliye Son»Tyrkisk og engelsk114116«No Dream Impossible»Engelsk152817«Energy»Engelsk77018«2 Long»Engelsk201119«Wer Liebe lebt»Tysk og engelsk86620Tanel Padar, Dave Benton og «Everybody»Engelsk119821«Another Summer Night»Engelsk94822Antique«»Gresk og engelsk314723Rollo & King«»Engelsk2177
Poengtavle Landa kunne bruke telefonavrøysting eller ein kombinasjon av jury- og telefonavrøysting. Hellas, Kroatia og Malta brukte kombinert jury- og telefonavrøysting, mens Bosnia-Hercegovina, Russland og Tyrkia berre brukte jury, sidan ei telefonavrøysting ikkje var teknisk gjennomførbart i desse landa. Landene som brukte telefonavrøysting, hadde i tillegg ein reservejury på åtte personar som skulle brukast om telefonavrøystinga svikta, eller plutseleg ikkje kunne gjennomførast. Tavla er orda etter røysterekkjefølgja i finalen.
DeltakarlandPoenggjevande landSumPlass5164161912322410717291433226107225165310842537127328226458528857810100551241015142351388161871053107421061218171562172541254735631138766841272126776127316610610461424377741034111233332412232815461061474822164570723511120138111061063241514668121041066812122108812121212101212819813157314213123124896888105125254512357888675147310121271061012812744101071212661772
12 poeng Kvart land gav 12 poeng til sin favoritt. Under er ei oversikt over alle 12-poenga som blei avgitt under avrøystinga. TalLand som fekk 12 poengLand som gav 12 poeng9Hellas, Latvia, Litauen, Malta, Nederland, Polen, Slovenia, Storbritannia, Tyrkia6Estland, Irland, Island, Kroatia, Noreg, Tyskland3Bosnia-Hercegovina, Portugal, Russland2Spania, Sverige1IsraelDanmarkFrankrike
Kommentatorar og poengopplesarar
Poengopplesarar