Edin Løvås ()Edin Løvås: retreatbevegelsens far - Minneord i Dagen var ein kristen forkynnar og forfattar, kjend som grunnleggar av såkalla retreatrørsla i Noreg.

Løvås var fødd i Oslo, då kalla Kristiania. Under andre verdskrigen var Løvås aktiv motstandskjempar mot okkupasjonen, og delte ut aviser med antitysk propaganda.

Edin Løvås har vore med på oppbygginga av fem norske senter som blir brukt til «retreat», tilbaketrekte, stille område der ein ikkje nyttar media. For arbeidet fekk han i 2006 Kongens fortenestemedalje i gull. Avisa Vårt Land nominerte han til Petter Dass-prisen i 2010.

Løvås har gjeve ut ei rekkje bøker. Fleire av dei er blitt omsette til andre språk.

Utgjevingar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Edin Løvås» frå , den 14. april 2011. Søk i bibsys.no Intervju med Edin Løvås i storaslen.no, 23. oktober 2002}}

http://www.foldedehender.no/forumemne/edin-lovaas-paa-nett Bakgrunnsstoff Grønvik, Knut. Snekkersønnen : Edin Løvås - en biografi (1995)

Kategori:Norske kristne predikantar Kategori:Norske forfattarar Kategori:Kongens fortenestmedalje i gull