Nagano er ein by i prefekturet Nagano i Chūbu på øya Honshu i Japan. Byen er kjend for å ha vore arrangør for vinter-OL 1998.
Nagano ligg i eit område med mange åsar og bakkar. Byen hadde om lag 378,000 innbyggjarar i 2006, og er m.a.o. ikkje blant dei største byane i Japan. Her ligg eit universitet frå 1949, og det er både tre- og silkeindustri i byen. Den største attraksjonen i Nagano er buddhisttemplet Zenkō-ji frå 600-talet. Templet er eitt av dei få gjenverande pilgrimsmåla i Japan.
Både jarnbane og vegnettet er godt utbygd frå byen, og innanriksflyplassen Matsumoto Airport ligg ikkje langt unna.
thumb|300px|venstre|Buddhisttemplet Zenko-ji.
Kjelder
Engelsk Wikipedia om Nagano, henta inn 16. april 2011.
Kategori:Byar i Japan