Umaru Bangura () er ein sierraleonsk fotballspelar. I 2011-sesongen spelar han på midtbanen for Haugesund i den norske Tippeligaen.
Bangura spelte for Sierra Leone under U17-VM i Finland i 2003. Etter meisterskapen drog han til den engelske klubben Watford, men fekk ikkje arbeidsløyve i Storbritannia. Han drog til Noreg og Hønefoss i Adeccoligaen i 2006. Han var eit fast innslag på laget til Hønefoss til og med 2010-sesongen, då klubben spelte i Tippeligaen. Etter at Hønefoss rykte ned att til Adeccoligaen, skreiv Bangura under for Haugesund 29. november 2010, utan overgangssum.
Bangura debuterte for A-landslaget til Sierra Leone 3. september 2006 i ein kvalifiseringskamp til Afrikameisterskapen mot Togo. Han var fast på laget under Sierra Leone sine kvalifiseringskampar til fotball-VM i 2010.
Kjelder Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå engelsk Wikipedia 19. april 2011.
Fotnotar
Kategori:Sierraleonske fotballspelarar Kategori:Hønefoss-spelarar Kategori:Haugesund-spelarar