RS 58 «Sørlandsskøyta» var ei redningsskøyte bygd for Redningsselskapet i 1956. Ho var den første redningsskøya bygd i stål. Ho vart konstruert av Richard G. Furuholmen og bygd ved Trosvik Verksted i Brevik. Liksom RS «Oslokjøpmannen» var «Sørlandsskøyta» bygd til utrykkningsfartøy. «Sørlandsskøyta» var noko større enn Oslokjøpmannen. Ho fekk same type motor, ein 95 hk Alfa diesel. Farten var 8 knop.
«Sørlandsskøyta» fekk dette namnet fordi byggesummen, Kr 225000, vart innsamla på Sørlandet. Ho var for det meste stasjonert på Flekkerøya.
Etter å ha vore øvingsfartøy for Redningsselskapet nokre år, vart ho seld i 1988. Ho hadde då redda 8 personar frå ein sikker daude, og berga eller assistert 123 fartøy.
Kjelder Bjørn Foss: Fra seil til vannjet. Historien om redningsskøytene Norsk Maritimt Forlag 2002
Sørlandsskøyta Kategori:Skip frå 1956