Olympia er det trettande studioalbumet til den engelske songaren Bryan Ferry, gjeve ut av Virgin Records den 25. oktober 2010. Det vart produsert av Ferry og Rhett Davies og er det første Ferry-albumet med hovudsakleg originale songar sidan Frantic i 2002.
Mange har medverka til albumet, som låtskrivaren David A. Stewart frå Eurythmics, Brian Eno, Phil Manzanera og Andy Mackay frå Roxy Music, den elektroniske gruppa Groove Armada, David Gilmour, Marcus Miller, Scissor Sisters, Nile Rodgers, Jonny Greenwood frå Radiohead, Steve Nieve og Flea. Tidleg i innspelingsprosessen vart Olympia utvikla som eit Roxy Music-prosjekt, med mange gjesteartistar. Trass i at det var Roxy Music-medlemmar med på innspelingar, vart det gjeve ut som eit soloprosjekt av Bryan Ferry.
Albumet nådde 19. plassen på UK Albums Chart.
Background Albumet inneheld nokre songar som Ferry tidlegare har spelt inn med andre artistar. «You Can Dance» kom ut i ein versjon som «U Can Dance» på albumet Teufelswerk frå 2009 av DJ Hell. Ein versjon av «Shameless» kom ut på albumet til Groove Armada, Black Light tidlegare i 2010. Albumet inneheld òg coverversjonar av Tim Buckley sin «Song To The Siren» og Traffic sin «No Face, No Name, No Number».
Albumet kom ut i tre versjonar: ei standardutgåve med ti songar, «luksusutgåva» med to ekstra spor og ein DVD med ein dokumentar av innspelinga av albumet, og ein musikkvideo for songen «You Can Dance» og til slutt «samlarutgåva» med dei 12 spora og DVD-en frå luksusutgåva, i tillegg til ein andre CD med remiksar og ei bok på 40 sider.
På plateomslaget er det bilete av motemodellen Kate Moss og er ein referanse til Édouard Manet-måleriet frå 1863 med same namn.
Mottaking AllMusic-skribenten Stephen Thomas Erlewine skreiv om albumet: «Ein slik stemningskontroll er eit tydeleg teikn på ein roleg perfeksjonist, men Olympia kjennest ikkje masete. Det er uroleg og avslappande elegant, den behagelege gjenkjennelegheita reflekterer utholdenheita til ein gammal meister som finsliper handverket sitt.» I ei melding for Rolling Stone skreiv Jon Dolan: «Ferry kunne laga eit album med kantinebandet i Star Wars og det ville høyrst meir eller mindre likt ut: ein haug svulstige, sløve Euro-glam-balladar om kjærleikens tapte arbeid, alle saman i ei sexy-vampyr-røyst som syng linjer om å vere 'trufast omslynga i ei skamlaus verd' til å verke som noko drit..»
Innhald
Medverkande Bryan Ferry - vokal, piano, klaverinstrument David Williams, Nile Rodgers, Oliver Thompson, David A. Stewart, Neil Hubbard, David Gilmour, Jonny Greenwood, Phil Manzanera, Chris Spedding, Merlin Ferry - gitar Marcus Miller, Flea, Gary «Mani» Mounfield, Andy Cato - bass Colin Good, Steve Nieve - klaverinstrument Brian Eno - synthesizer Andy Newmark, Tara Ferry, Emily Dolan Davies - trommer Frank Ricotti - perkusjon Aleysha Gordon, Hannah Khemoh, Sewuese Abwa, Alice Retif, Katie Turner, Ruby Turner, Me'sha Bryan, Shar White - korvokal John Monkman, Robin «Radar» Rimbaud, Chris Mullings - elektronika Anthony Pleeth - cello Perry Montague-Mason, Emlyn Singleton - fiolin Vicci Wardman - bratsj Andy Mackay - obo Teknisk Simon Willey - lydteknikar Bob Clearmountain - miksing Adam Whitehead - fotografi Kate Moss - modell på omslaget John Galliano - design
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Olympia av Bryan Ferry» frå , den 25. juli 2021. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 2010 Kategori:Bryan Ferry-album Kategori:Album produserte av Rhett Davies Kategori:Virgin Records-album