RS 97 «G.J. Kastor» var ei redningsskøyte bygd for Redningsselskapet i 1983. Ho var berre 11,2 meter lang, og vart primært bygd som utrykkingfartøy. Det var ikkje lugarplass for mannskap. «G.J. Kastor» vart konstruert og bygd av William Osborne i Littlehampton i England. Skroget er i spesialherda glasfiber, med ei tjukk oppblåsbar pølse rundt. Overbygget er i aluminium, og har ein konstruklsjon som gjer at fartøyet rettar seg opp sjølv, om det skulle gå rundt.

Utrykkingsfatøyet, som kosta 1,3 millionar kroner, vert gjeve av Gudrun Johne Kastor. Ho var frå Vestfold, og var gift i USA.

Ved utrykking vart «G.J. Kastor» bemanna av folk frå sjøreddningskorps. Frå 1994 tenestegjorde ho på Mjøsa, med stasjon i Gjøvik

Kjelder Bjørn Foss: Fra seil til vannjet. Historien om redningsskøytene Norsk Maritimt Forlag 2002 nssr.no

G.J. Kastor Kategori:Skip frå 1983